NRK Meny
Normal

– Vi må bry oss meir om miljøet

Klimaendringane kjem til å påverke alle. Også folk som bur i verdas rikaste land. Men bryr folk seg om spådommane frå FN sitt klimapanel?

Anne og Tone

Venninnene Anne Løset og Tone Bjørnsen meiner vi alle kan gjere meir for miljøet.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Eg såg at rapporten var komen, men eg veit ikkje så mykje meir.

Det seier Tone Bjørnsen som er ute på gåtur i Ålesund.

Det er FN sin nyaste miljørapport vi snakkar om. Den slår fast at ingen i heile verda kjem til å vere upåverka av klimaendringane som kjem til å kome om vi fortsett med dagens utsleppsnivå. Forskarane er sikrare enn nokon gong på at konsekvensane av den globale oppvarminga kjem til å bli store og gjelde mange. Spørsmålet er: I kva grad bryr folk flest seg om desse spådommane?

– Eg syklar og køyrer kollektivt, men må vel innrømme at det er meir av praktiske årsaker enn av miljømessige, seier Tone Bjørnsen.

Ho er på gåtur i Ålesund saman med venninna, Anne Løset. Sistnemnde er skeptisk til å bli intervjua om miljøet.

– Off. Eg har vel ikkje følgt så godt med. Det einaste eg gjer for miljøet er å sortere søppel. Det er eg flink til.

– Er det verdt å bry seg?

– Ja absolutt. Eg tenkjer på borna og framtida deira. Vi må ta oss saman, seier Løset bestemt.

Tone Bjørnsen vert engasjert no.

– Dette må opp å høgare nivå. Folk i kommunen må gjere meir for miljøet. Kan ikkje du gå og spørje dei på Rådhuset kva dei tenkjer? seier ho oppfordrande.

Eva Vinje Aurdal

Eva Vinje Aurdal (Ap) er ikkje nøgd med miljøfokuset i Ålesund kommune

Foto: Remi Sagen / NRK

Kommunen: – Vi kan gjere meir

– Vi treng meir kunnskap og bevisstheit i dei vedtaka vi gjer og dei vegvala vi står ovanfor. Det seier leiaren for komiteen for byutvikling og miljø i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap).

Ho fortel at miljøbevisstheit langt frå er det som råder sterkast i det politiske miljøet i Ålesund Kommune.

– Vi har eit godt stykke å gå før vi kan slå oss på brystet og seie at alle våre vedtak er nøye gjennomtenkt med tanke på det beste for miljøet.

Aurdal fortel at kommunen har planar om å betre busstilbod og sykkelvegar i dei nye planane for Bypakke i Ålesund. Vidare vil ho no sjekke moglegheitene for å få kursing om emnet for medlemmane i komiteen for byutvikling og miljø. Samtidig vil ho sende ballen vidare oppover i systemet.

– Det er heilt klart at både privatpersonar og kommunar kan gjere sitt, men dei som kan gjere aller mest er regjeringa. Dei må løyve pengar til ein snuoperasjon, så skal vi i kommunane gjere vårt beste for å følgje opp.

På eit personleg nivå meiner Aurdal at folk bør vere flinke til å ha god avfallssortering, til å reise offentleg eller med bilar som forureinar lite. Også bør ein ikkje reise meir enn ein må.

– Vi bør kanskje ikkje reise så ofte til syden

Tone Bjørnsen trur vi må gjere alvorlege grep og endre livsstilen vår om det skal ha nokon særleg effekt på miljøet.

– Vist miljøproblema er så alvorleg som det ser ut til må vi byrje å tenkje nytt. Vi bør kanskje ikkje reise så ofte til syden for eksempel.

– Kjem du til å ta slike grep?

– Det vil tida vise, men det er jo ikkje nok eit ein person gjer det. Dette må opp på eit internasjonalt nivå, seier ho tankefullt.