Miljøpris til Smøla-bedrift

Smøla klekkeri og settefisk AS får Miljøprisen 2016.

Forsingsstasjon ved Nibio

Smøla klekkeri og settefisk AS får Møre og Romsdal fylkeskommune sin Miljøpris for 2016.

Foto: Peder Gjøstøl Iversen

Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Bedrifta på Smøla er ei landbasert settefiskbedrift som driv med klekking av yngel og framfôring av settefisk. Konsernet produserer laks med kjemikaliefri handtering av lakselus med reinsefisk, mekanisk fjerning og ferskvatn.

I grunngivinga skriv juryen at vinnaren mellom anna er eit lysande døme på berekraftig næringsutvikling. Juryen vektlegg at det som særpregar anlegget er at dei har teke kontroll over vasstilførselen og resirkulerer vatnet som vert brukt og at bedrifta har tatt initiativ til fleire forskingsprosjekt.

– Bedrifta oppfyller heilt klart retningslinjene for miljøprisen, og dei representerer eit godt døme på korleis ein kan oppnå ei berekraftig næringsutvikling, seier Runar Vestheim, leiar av regional- og næringsutvalet.

– Gledeleg overraska

Prisen blir delt ut under fylkestinget 12. desember.

– Eg er gledeleg overraska, seier dagleg leiar Per Gunnar Kvendseth.

I år er det den åttande gongen Miljøprisen vert delt ut. Vinnaren får eit kunstverk forma ut av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Prisen går til ein kandidat som har gjort eit særleg verdfullt arbeid innan områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, skoleklassar, organisasjonar, institusjonar, bedrifter, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for miljøarbeidet i fylket.

Desse har vunne før:

  • 2015: Stranda Prolog AS
  • 2014: Naturvernforbundet
  • 2013: Standal knuseverk AS
  • 2012: Alv Ottar Folkestad
  • 2011: NORSØK
  • 2010: Olav Bye
  • 2009: Runde miljøsenter