NRK Meny
Normal

Miljøpartiet vil ha elferjer og fleire avgangar i staden for Møreaksen

Miljøpartiet De Grønne har på sitt årsmøte sagt nei til Møreaksen. I staden for ein ferjefri E39 ønskjer partiet det dei kallar «fossilfri E39».

Årsmøtet i Miljøpartiet De Grønne

Miljøpartiet De Grønne hadde årsmøte på Vestnes.

Foto: Helge Standal

Det inneber nullutsleppsferjer, ei utbetring av eksisterande vegar i distrikta. For godstransporten ønskjer partiet transporten over på skinner og kjøl, altså tog og båt.

– Ferjefri E39 er ein håplaus ide, som kostar samfunnet fleire hundre milliardar kroner, seier listetopp før stortingsvalet, Lage Nøst.

Han og partiet meiner det vil føre til auka utslepp og ein rasert natur. Elferjer kan dessutan gi fleire nye og grøne jobbar, meiner MDG.

– Noreg er leiiande på nye låg- og nullutsleppsferjer, og då bør ikkje stortingsfleirtalet slå beina under denne framtidsnæringa, seier Nøst.

Listetopp for MDF, Lage Nøst

Listetopp for MDG, Lage Nøst, meiner ein ferjetur med svele er kultur i seg sjølv.

Foto: Helge Standal

Fleire avgangar - men med elferje

Partiet føreset fleire ferjeavgangar, og meiner ferjer er både kultur og ein turistattraksjon i seg sjølv. Ferjene bør ikkje buttast ut med bru eller tunnel der det er i strid med klimamåla, heiter det i årsmøteuttalen.

– Moderne samferdselspolitikk handlar om å ta i bruk grøn teknologi, seier Nøst.

Av andre samferdselsprosjekt for å få ned utsleppa, listar partiet mellom anna opp

  • Omstille kollektivtrafikken til biogass
  • Bygge Stad Skipstunnel
  • Jernbane lenger inn i fylket og lyntogsamband mellom Ålesund og Oslo
  • Nettverk av ladestasjonar for elbil i heile fylket.