NRK Meny

Miljøpartiet joker i bypakkesaka

Dramatikken stig i debatten rundt bypakken for Ålesund. No i kveld har Miljøpartiet Dei Grøne brote ut av fleirtalskoalisjonen i bystyret.

Jarle Hauge Steffensen bystyrerep MDG

Jarle Hauge Steffensen sende eit lite jordskjelv gjennom bystyresalen då det kom fram at han og dermed Miljøpartiet skiftar side i bypakkesaka.

Foto: Frode Berg / NRK

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Debatten om kva alternativ løysing Ålesund bystyre skal gå for i bypakke-saka, tok ei dramatisk vending då Miljøpartiet annonserte at dei likevel ikkje kan vere med i pakken dei hadde blitt samd med Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti om.

Jarle Hauge Steffensen frå MDG stadfestar overfor NRK at han kjem til å bryte ut og stemme med mindretalet.

– Vi kan ikkje godta ein fire felts veg frå Lerstadtoppen. Det vil rikke grunnfjellet av i det vi står for, sa Steffensen i ein pause i debatten for kort tid sidan.

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) beklagar dette, men seier ein må vente og sjå kva som vidare skjer i debatten. Dersom fleirtalsopplegget raknar, kan det setje heile bypakke-saka i fare, meiner ho.

Bystyremøte 031215

Debatten held fram i bystyret i Ålesund utover kvelden.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I bystyresalen går det rykte om at ein representant frå Høgre også kjem til å skifte side. Om det skjer vil det likevel sikre fleirtalsforslaget.

Framstegspartiet vil droppe heile arbeidet med bypakken.

– Det har vore arbeidd i åtte år for å få til bompengeordning, utan at ein har kome eit steg vidare. Det talar for seg sjølv, sa Geir Stenseth (Frp) mellom anna.

Partiet meiner ein heller bør satse på å bygge ut vegprosjekta eitt og eitt i gongen.

Mindretalet held fast på forslaget om å droppe bru over Brosundet og veg frå Lerstadtoppen til Høgskolen. Dei vil heller satse på ein tunnel i Brosundet.

Det ligg no føre heile fire alternative forslag til bypakkeløysing, og ingenting er enno avgjort.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.