Statens Forurensingstilsyn (SFT) har sett foten ned og gitt ordre om stans i utsleppa av såkalla bromerte flammehemmarar, eit stoff som er rekna som helse- og miljøskadeleg. Brødrene Sunde brukar stoffet i produksjonen av det verdskjende isolasjonsmaterialet Sundolitt. Miljøgifta er påvist i avløpsvatnet og i fisk og skaldyr i nærmiljøet.
Kan bli permitteringar
Pålegget frå SFT stansar i praksis 15-20 prosent av produksjonen til Brødrene Sunde, og får konsekvensar for avdelingane både i Ålesund, England, Spania og Tyskland. Direktør Rolf Fagervoll seier at fleire tilsette både i Noreg og utlandet kan bli permitterte på kort sikt.
– På lang sikt må vi finne ei løysing som både ivaretek miljøet og bedrifta og dei tilsette sitt behov for det daglege brød. Vi er sunnmøringar, og vi har ikkje tenkt å gi oss så enkelt, seier Fagervoll.
Må finne ny flammehemmar
Bedrifta har rundt 120 tilsette og hadde ei omsetning på over ein halv milliard kroner i 2003. Kor stort inntektstapet vil bli, og når og kor lenge permitteringane vil vare, vil bedriftsleiinga ikkje spekulere i.
Det som er klart er at Brødrene Sunde raskt må finne måtar å produsere flammehemmande sundolitt på som ikkje forureinar.