NRK Meny

Miljøgift i gamal kveite

Mattilsynet åtvarar mot å ete kveite som er over 100 kilo fordi dei har høge nivå av miljøgifter. Kveiter over 2 meter eller 100 kilo må sleppast ut i sjøen igjen, seier seniorrådgjevar Harald Nordås i Mattilsynet. Ei undersøking av atlantisk kveite frå Skagerak til Barentshavet viser at gamal og stor kveite har høge nivå av miljøgifter som dioksinar og PCB. Kveite kan bli 60 år og opp til 200 kilo.