Miljøgate i Hareid snart klar

I Hareid sentrum er ei miljøgate til 10 millionar kroner snart ferdigstilt. Den siste finpussen vert gjort fredag. Gata vert opna offisielt i kveld og er ei trivselsgate i tillegg til at kommunen håper det skal gje næringslivet og handelsstanden eit løft. Det seier ordførar Bernt Brandal til NRK. Arbeidet med miljøgata har pågått i heile år.

Miljøgate på Hareid får siste finpussen
Foto: Arne Flatin / NRK