Hopp til innhold

Miljøgate delvis opna i Ulsteinvik

Denne veka opna delar av den nye miljøgata i Ulsteinvik sentrum. Etter sju månader med kaos vert det no litt mindre kaotisk i bygdebyen.

Ordførar Jan Berset om den nye miljøgata

Ordførar Jan Berset om den nye miljøgata i sentrum.

Ei ny rundkøyring og vegen forbi hotellet i Ulsteinvik sentrum er no opna for trafikk, medan den siste biten enno ikkje er klar. Dermed vert det gjennomkøyring via einvegskøyrde Kyrkjegata. Dermed er ikkje trafikkproblema i Ulsteinvik over slett enno.

Ordførar Jan Berset inspiserte den nye gata saman med NRK fredag. Han synest det ser bra ut, men den beine strekninga kan kanskje inspirere til fartsleik, fryktar han.

Trafikkproblem

At det har vore trafikkproblem i sentrum den siste tida er litt av eit "understatement", seier Berset. Mange har nok merka problema, og dei som bur langs omkøyringsvegen som har vore brukt mest til no, er nok letta over at trafikken no i alle fall er slusa bort derifrå.

Sjå bilde frå den nye miljøgata i Ulsteinvik

Sjå bilde frå den nye miljøgata i Ulsteinvik.

Samtidig som miljøgata vert bygd pågår det ei omfattande bygging av ruvande leilegheitskompleks på nedsida av Sjøgata. Det er enno ei god stund før desse bygga er ferdig og vert tekne i bruk. Byggestøy og støv vert difor framleis ein del av kvardagen for alle som er i sentrum av Ulsteinvik.