Hopp til innhold

Miljø trumfar anlegg

– Miljø er viktigare enn anlegg, men gode anlegg er heller ikkje å forakte. Det seier verdsmeister i friidrett, Karsten Warholm, tilbake på gamleskulen der han hadde treningane sine kvar vinter i ungdomsåra.

Karsten Warholm med to Dimna-veteranar

GODT MILJØ: Desse to har betydd mykje for miljøet i Dimna IL, eit miljø Karsten Warholm legg stor vekt på når han skal forklare suksessen han har hatt. Frå venstre, trenar Arve Hatløy, Karsten Warholm og veteranen Olav Hansen, som var med på å starte Dimna IL i 1974.

Foto: Arne Flatin / NRK

På heimebane i romjula snusar Karsten Warholm (21) inn atmosfæren i gymsalen på gamelskulen på Dimnøya. Eit bygg som for lengst er grendehus og ikkje skule.

I dette bygget har han trent mange timar saman med kompisar i Dimna Idrettslag, stort sett med Arve Hatløy som trenar.

Arve set fram eit par benkar på golvet i gymsalen, og Karsten prøver nokre av dei gamle øvingane. Balansering i blinde bakover til dømes.

– Eg har litt teken på dette enno, seier Karsten i det han balanserer på benken.

Karsten Warholm er noko så sjeldan som ein norsk verdsmeister i ei løpsøving i friidrett.

Personlege eigenskapar er naturlege årsaker til at han har nådd så langt som han har gjort, men miljøet og samhaldet i den vesle friidrettsklubben får ikkje Karsten fullrost nok.

Meiner miljø er viktigast

– Miljø er viktigare enn anlegg, men anlegg er sjølvsagt heller ikkje å forakte, seier verdsmeisteren til NRK.

Karsten Warholm anno 2018

VERDSMEISTER: Karsten Warholm meiner miljø er ein vesentleg grunn til at han har nådd så langt som han har gjort.

Foto: Arne Flatin / NRK

I oppveksten hadde Warholm og dei andre i Dimna IL gymsalen, eit styrkerom og ein snødekt bakke med stigningsløp like ved skulen å bruke.

– Eg var litt av og på den tida, så eg trur ikkje eg sprang bakken heilt opp den første tida, ler Karsten. Men seinare har han i alle fall ikkje slurva med treningsarbeidet. Tvert om.

Dagens ungdomar i Dimna IL har no topp forhold i Ulsteinhallen, ein reindyrka friidrettshall som allereie har husa både NM og andre store stemne. Karsten Warholm har også sett fleire rekordar i denne hallen, men då han var ungdom var det heilt andre fasilitetar.

Badestranda, Osnessanden til dømes, vart mykje brukt, i tillegg til området på Høddvoll, der Dimna har basen sin i sommarhalvåret.

Olav Hansen var med på å starte Dimna IL i 1974. Han kan fortelje om ein klubb med eit varmt og inkluderande miljø der ungdomar i mange år har hatt gode forhold. For klubben er både breidde og topp viktig.

Det Karsten har betydd for Dimna IL kan nesten ikkje skildrast, seier Hansen, men det same seier Karsten om betydninga klubben har hatt for han i oppveksten.

ATHLETICS-WORLD/M400H

GULLØPET: Karsten Warholm skryt av miljøet i Dimna IL, og meiner det har betydd mykje for det han har prestert.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL