Militærkolonne laurdag

I høve NATO-øvinga «Trident Juncture» går det ein militærkolonne på E136 mellom Dombås og Setnesmoen i Rauma laurdag frå 08.00 til 13.12. Det opplyser Statens vegvesen. Ein kolonne kan bestå av inntil 12 køyretøy. Farten vil oftast vere låg. Vegvesenet ber køyrande om å vise omsyn til kolonnen.