Hopp til innhold

Berre ein prosent økologisk mat

Regjeringa er milevis unna målet sitt om økologisk landbruk. Innan 2020 skal 15 prosent av landbruksarealet og omsetjinga av norske landbruksprodukt vere økologisk. I dag er omsetjinga på rundt ein prosent.

Økologisk mat

LITE: Berre ein prosent av norske landbruksprodukt som blir selde i butikken er økologiske.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Nina Sundqvist

TAPER: Kommunikasjonsdirektøren i Nortura, Nina Sundqvist, seier dei taper pengar på økologiske produkt.

Foto: Nortura

– Folk prioriterer pris framfor produksjonsform, seier Nina Sundqvist i kjøtkonsernet Nortura.

For liten etterspurnad

Sundquist seier etterspurnaden både frå private forbrukarar og storhushaldningar er for liten til å ha eit fullverdig tilbod. Nortura taper i dag pengar på sine økologiske produkt.

– Vi har ikkje problem med å produsere nok økologiske råvarer. Hovudutfordringa vår er å få økologiske produkt opp i handlekorgene og inn i kjøleskapet til folk, seier ho.

Les også:

 Terje Riis-Johansen

MÅL: Regjeringa, her ved tidlegare landbruksminister Terje Riis-Johansen, har mål om at 15 prosent av omsetjinga av norske landbruksprodukt skal vere økologiske innan 2020.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX
Prioriterer låg pris

Medan økologiske landbruksvarer har ein marknadsdel på rundt 10 prosent i Danmark, er tilsvarande for Norge om lag ein prosent, ifølgje tal frå Statens landbruksforvaltning.

Nordmenn prioriterer heller pris, når dei handlar mat, ifølgje kommunikasjonsdirektør Sundqvist.

Ho trur det skal halde hardt å nå regjeringa sitt mål om at 15 prosent av landbruksarealet og omsetjinga skal vere økologisk innan 2020.

– I dag er det vel større velvilje til å seie at ein ønskjer å kjøpe økologisk, enn at det faktisk handlar i handlekorga og inn i kjøleskapet, seier ho.

Store kostnader

På Ålesund sjukehus blir det servert ein halv million måltid i året. Men økologiske varer har til no fråverande.

Sjukehuset vil framover teste ut eit tilbod med økologisk frukt og grønsaker, men økologisk kjøt er vanskeleg å få tak i.

Jan-Arne Hove

DYRT: For kjøkensjefen ved sjukehuset i Ålesund ville det merkast godt på budsjettet om han la om til økologiske råvarer.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

For kjøkensjef, Jan-Arne Hove, vil ei omlegging til økologiske matvarer føre til at utgiftene aukar med mellom 20 og 30 prosent. Og så langt er det ingen som har etterlyst økovarer på sjukehuset.

– Nei, til dags dato har eg aldri fått den førespurnaden, seier Hove.

Les også:

Storkjøkenavtalar

Meierikonsernet Tine har nyleg inngått ein avtale om leveransar av økologisk mjølk til Forsvaret. Slike avtalar vil vere med på å auke det private forbruket av økovarer trur kommunikasjonsdirektøren i Nortura, Nina Sundqvist.

– Klarer vi å få inn store statlege institusjonar som sjukehus og forsvaret, så vil det bli eit større volum og breiare utval av økologiske varer.

– Dette vil kome den enkelte forbrukaren som ønskjer å kjøpe økologiske varer til gode, seier ho.