NRK Meny

Mildvêr aukar skredfaren

Det er betydeleg snøskredfare i heile fylket denne helga. Mildvêr fører også til aukande snøskredfare utover dagen. – Gamle og svake lag blir vekt til live og aukar faren for at middels store og store snøskred kan bli løyst ut naturleg, seier snøskredvarslinga til NVE varsom.no. Mange våte laussnøskred kan bli løyst ut på grunn av høg temperatur og soloppvarming. Denne veka har det gått fleire snøskred i Møre og Romsdal.

Ras i Harstadfjellet, Gjemnes
Foto: Christopher Magnus Weyde