Hopp til innhold

– Avtalen er akseptabel, men ikkje meir

Fylkesleiaren i Bondelaget, Oddvar Mikkelsen, meiner det beste med jordbruksavtalen er at bøndene har fått Frp med på lik inntektsutvikling for små og store bruk.

Oddvar Mikkelsen

Oddvar Mikkelsen er leiar i Bondelaget i Møre og Romsdal.

Foto: Roar Halten / NRK

Eitt døgn på overtid vart Staten og Bondelaget samde om jordbruksavtalen. Kravet frå bondeorganisasjonane var ei auke på 860 millionar kroner, medan Staten tilbydde 90 millionar. Søndag vart forhandlingsresultatet klart. Avtalen har ei total ramme på 350 millionar kroner, der 100 millionar kroner går over statsbudsjettet.

Oddvar Mikkelsen er fylkesleiar i Møre og Romsdal bondelag. Han seier det er vanskeleg å forhandle når utgangspunktet er så ulikt.

– Det er ein akseptabel avtale, men heller ikkje meir, seier Mikkelsen.

Løft for dei små

For bondeorganisasjonane vart det viktig å få eit løft i inntektsmoglegheitene for dei små og mellomstore gardsbruka. Mikkelsen seier at det er eit stort framsteg å få Frp med på dette. Gjennom jordbruksavtalen skal inntektsforskjellane mellom store og små bruk bli utjamna.

– Vi kunne ha tenkt oss ein betre avtale, men dette var så langt vi kom. Vi tar ikkje att inntektsgapet som har oppstått dei siste to åra, men vi jamnar det i alle fall ut no, seier Mikkelsen.

LES OGSÅ:

Avhengig av leigejord

Han meiner utjamning er svært viktig for bøndene som driv mindre bruk. I Møre og Romsdal finst det mange små og mellomstore bruk. Eigedomsstrukturen og geografien gjer at mange gardar ikkje passar inn stordrifta regjeringa ynskjer. Mange er avhengige av leigejord og må køyre langt for å hente fôr til dyra.

– Maten små bruk produserer er like verdifull som bøndene med store bruk lagar. Jobben dei gjer med kulturlandskapet er også like viktig, seier Mikkelsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL