Hopp til innhold

Midt-Noreg har flest MS-sjuke

Sjukdomen MS – Multippel Sklerose – rammar langt fleire i Møre og Romsdal og Trøndelag enn i resten av landet.

Nina Kvernmo

Nina Kvernmo, leiar i MS-foreininga i Molde, forstår ikkje kvifor det skulle vere fleire med MS i Midt-Noreg enn andre stader.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Om vi tek helseregionen i Midt-Noreg under eitt, så er det den med høgast MS-førekomst, fortel ein av Norges fremste ekspertar på MS, Rune Midgard.

Ved årsskiftet 2013/2014 var det om lag 250 av 100 000 menneske i midtfylka som var registrert med MS, som er ein en sjukdom i nervesystemet. Det er klart høgare enn i resten av landet.

Det viser ein studie utført av forskarar ved Ullevål universitetssjukehus og Institutt for klinisk medisin ved Universitetet i Oslo. Region Vest med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ligg lågast.

– Aukar i heile landet

Rune Midgard har forsket på MS i over 30 år, og opplever at det vanskeligste med attakkvis MS er at

Rune Midgard, overlege i nevrologi ved sjukehuset i Molde, talet på MS-diagnosar stig i heile landet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Midgard, som er overlege i nevrologi ved sjukehuset i Molde, seier at talet på MS-sjuke stig i heile landet.

– Vi ser ei auke samanlikna med periodar for 10, 15 og 20 år tilbake.

– Men er det ei auke i tilfelle av sjukdom eller er det ei auke i at dykk registrerer det?

– Det er nok begge deler. Vi kan nok ikkje fri oss frå at vi har blitt flinkare til å fange opp diagnosane på tidleg tidspunkt og at det representerer noko av volumet, seier Midgard.

Meir enn 10 000 personar har no diagnosen Multippel Sklerose i Noreg.

Veit ikkje kvifor

Forskinga gir ikkje noko klart svar på kvifor vi er på topp i talet på MS-sjuke i Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka. Eller kvifor MS-sjukdommen aukar så kraftig.

– Det er framleis ei gåte. Vi har ikkje noko definitivt gjennombrot, men samlar saman fleire og fleire komponentar som hjelper oss å finne heilskapen i bildet, seier Midgard.

Til dømes kan eksponering for sollys og kosthald kan vere blant faktorane som gjer at somme får sjukdomen, legg han til.

– Heng ikkje på greip

Leiar av MS-foreininga i Molde og omland, Nina Kvernmo fekk MS-diagnosen i 1996. Ho undrast framleis på kvifor det er så mange MS-sjuke i Midt-Noreg.

– Det er litt skremmande å tenkje på kva som kan vere årsaka.

Ho peiker på at mange ved kysten eter mykje fisk og omega-3, som er sagt å vere sunt. Derfor forstår ho ikkje at så mange i regionen likevel skulle ende opp med denne sjukdommen.

– Det heng ikkje på greip. Årsaka til at somme får MS er eit einaste stort spørsmålsteikn for meg, seier Kvermo.

  • Les også: