Hopp til innhold

Midsund stemte mot folkeviljen

I Midsund er det sterke reaksjonar etter at kommunestyret i øykommunen sa ja til å bli ein del av Molde. Folket har sagt nei til Molde to gongar.

Kommunesamanslåing i Midsund

Ordførar Odd Helge Gangstad får høyre kva kafegjestane meiner om vedtaket politikarane i Midsund har gjort om å slå seg saman med Molde.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Både gjennom folkerøysting og i innbyggjarundersøking sa fleirtalet av innbyggjarane i Midsund nei til å slå seg saman med Molde. Likevel stemde eit fleirtal av kommunestyrepolitikarane ja til samanslåing torsdag. Dermed blir Midsund ein del av ein storkommune saman med Molde og Nesset.

Jarle Sanden sit på utandørskafe i Midsund dagen der på og samtaletema er gitt. Alle snakkar om korleis politikarane har trassa folkeviljen.

– Prosessen er skiten. Det har gått altfor fort og vi har fått for lite informasjon om kva som vil skje og kva som har skjedd, seier Sanden. Han er overraska over vedtaket fordi motstanden mot samanslåing har vore stor.

– Dette trudde eg aldri kunne skje. Det er tydelegvis nokon som har endra meining i kommunestyret, seier Sanden. Han minnest tydeleg at politikarane lovde at dei skulle respektere folket si meining, før valet.

Jarle Sanden

Jarle Sanden er skuffa over at politikarane ikkje høyrde på folket.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Må dempe frontane

Også ordførar Odd Helge Gangstad (Sp) er innom kafeen, slik han av og til brukar for å prate med folk.

Før han ynskte politikarane god sommarferie, etter det tårevåte kommunestyrevedtaket torsdag, bad han dei om å gå ut til folket og dempe frontane.

– Det er klart at her er det frontar, fordi det har vore så klare retningar i både folkeavstemming og høyringa, seier Gangstad. Han meiner det er eit godt teikn at politikarane var så kjensleladde under vedtaket at enkelte måtte ty til tårene. Det viser nemleg det store engasjementet rundt saka.

Krasse telefonar

Linda Marie Hagset

Linda Marie Hagset meiner at Midsund klarer seg fint åleine.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Sjølv har han fått både krasse telefonar og meldingar i ettertid. I sosiale medium går også debatten. Ordføraren meiner at folket no må sjå framover.

– Vi må berre stå på og jobbe mot det nye, til det beste for innbyggjarane, seier ordføraren, som personleg var imot vedtaket.

Linda Marie Hagset hadde helst sett at Midsund kunne halde fram som eiga kommune.

– Eg synest vi har det godt slik vi har det. Vi klarer oss fint åleine, seier Hagset.