Hopp til innhold

Michelsen held fram som KBK-trenar

Christian Michelsen held fram som trenar for Kristiansund Ballklubb. Det avslørte klubben på ein pressekonferanse. Michelsen har vore trenar for KBK sidan 2014. No blir kontrakten hans forlenga med fire år.

Michelsen seier han er audmjuk over å få lov til å fortsette. – Det gler eg meg noko sjukt til. Eg er svolten som berre juling, og vi har lyst å nå nye mål.

Kristiansund ballklubb KBK forlenger kontrakten med Christian Michelsen
Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL