NRK Meny
Normal

Høyr Torstein tre år etter at han vann MGP junior

Torstein Snekvik satsar på rock når han gir ut si første plate.

I helga slapp MGPjr-stjerna Torstein sin første singel fra ei ny plate som kommer i oktober. Og ny plate betyr nye fans.

Torstein Snekvik kjem ut med ny plate i oktober. 13-åringen lovar mykje fart og spenning.

I 2010 sidan vann då 10 år gamle Torstein Snekvik frå Surnadal Melodi Grand Prix junior med låten «Svikter aldri igjen». I sommar skreiv Universal Music kontrakt med tenåringen og i helga slapp Torstein den første singelen «Førstemann til mål», frå den nye plata.

– Songen har mykje fart og spenning og passar til meg, seier artisten, som er svært nøgd med låten.

Dreg på åra

Ikkje alle kjenner att MGP-vinnaren frå tre år tilbake, men på konsert rekrutterer surnadalingen nye fans. Speleoppdraga har vore mange.

– Eg byrjar å dra på åra no. Det er lenge sidan 2010, ler Torstein.

No er det nytt materiale som tel og stilen har endra seg sidan han var 10 år. Sjølv høyrer han mest på musikk som set seg på hjernen og som ein kan synge til. 13-åringen meiner at singelen hans oppfyller akkurat dei kriteria.

LES OGSÅ:

Satsar på rock

– Rock and roll er det eg likar aller best og det er det eg vil satse på, seier Torstein. Han fortel at han har endra seg mykje sidan MGP junior. Både personleg og musikalsk.

Stine Jørgenvåg er ein av tilhengarane til Torstein. Ho synest ikkje berre at han er kjekk å sjå på, men også dyktig.

– Han er flink å synge og har ei fin stemme, seier Stine. Plata til Torstein Snekvik kjem ut i oktober.

Video Torstein Snekvik opptrer i MGP jr

Torstein Snekvik vann MGP jr i 2010.