Hopp til innhold

Elyounoussi drøymer om seriegull

Målet om å score hat-trick og bli toppscoraren til Molde FK vart sikra måndag. No vil gjere han sitt for at tabelltoppen blir verande i toppen ut sesongen.

Mohamed Elyounoussi

Knappe tre månader i Molde FK og Mohamed Elyounoussi er allereie toppscorar for laget sitt.

Foto: Roar Halten / NRK

Molde tronar framleis åleine på tabelltopp etter ein overbevisande siger mot Brann andre pinsedag. Måndag var det spesielt éin spelar som fekk merksemda for suksessen under heimekampen på Aker stadion.

19-åringen Mohamed Elyounoussi har knapt tre månader bak seg i Molde FK, men har utmerka seg heilt sidan overgangen frå Sarpsborg. Mot Brann scora han tre mål frå venstresida på midtbana.

Trivst i Molde FK

Mohamed Elyounoussi

Elyounoussi vert dagens helt når han sender Molde opp i leiinga etter ein nydeleg straffe i 68. minutt på Aker stadion.

Foto: Roar Halten / NRK

Det er ikkje berre lett å vere hat-trick-scorar. Etter 4–2 sigeren mot Brann, måtte Mohamed Elyounoussi få ispose på ankelen.

– Ein får ingenting gratis. Eg var trakka på, men det var herleg å gå av banen med tre mål, seier han blidt til NRK etter kampen.

Den ferske Molde-spelaren trivst godt med tabelltoppen som lag.

– Når ein har så gode spelarar rundt seg, så gjeld det berre å halde seg framføre mål og bruke dei sjansane ein får, seier spelaren med tilnamnet «Moi».

Takkar lagkameraten

Molde gjekk opp i føringa då Elyounoussi fekk sitt tredje mål med ei straffe i 68. minutt, etter at Jonas Grønner tek ned Chima Chukwu innanfor 16-meteren. Ifølgje kantspelaren var det eigentleg lagkamerat Vegard Forren som skulle ta straffa.

– Han gav meg straffa då han skjønte eg hadde sjanse på hat-trick, så det var godt å få det målet, seier han.

– No er du toppscorar i Molde. Kva er eit naturleg mål vidare då?

– Målet var å ha eit tosifra tal på mål og den ambisjonen er rett rundt hjørnet no. Dessutan er eg veldig gira på gull i år. Det hadde vore herleg!

– Glade for å ha han her

Tor Ole Skullerud

Molde-trenar Tor Ole Skullerud applauderer spelarane sine under heimekampen mot Brann måndag.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

MFK-trenar Tor Ole Skullerud er godt fornøgd med den nye toppscoraren.

– Han leverer og han leverte frå dag éin. Han er stabil i prestasjonane sine og vi er glade for han her, seier han til NRK.

– Hadde du sat pengar på at han skulle bli toppscorar i Molde FK før seriestart?

– Eg visste at han var god til å score mål, men han har levert i overkant mange, seier han og legg til at det ikkje berre er mål-scoringa som imponerer.

– Han er ein lagspelar og jobbar veldig hardt. Forutan å score sjølv, så set han også opp mange mål for andre. Han er også ein servitør, seier trenaren.

Laster innhold, vennligst vent..