MFK startar gatelag

Molde Fotballklubb har starta gatelag retta mot dei som slit med rus. Molde sin tidlegare A-lagsspelar Knut Olav Rindarøy leiar gatelaget, og seier første treninga var ei god oppleving. – Nettopp det å kunne vere ein del av eit lag er grepet som kan hjelpe mange, meiner Rindarøy. MFK samarbeider med Fotballstiftelsen og kommunen om prosjektet.

MFK startar gatelag
Foto: Gunnar Sandvik / NRK