Hopp til innhold

MFK-spelar tiltalt for sove-valdtekt

Ein eliteseriespelar i Molde FK er tiltalt for valdtekt etter ein bytur i fjor. MFK-leiinga er svært tilbakehaldne med å kommentere tiltalen.

Molde FK

Ein profilert MFK-spelar må no møte i retten etter at han ifølgje påtalemakta har valdtatt ei sovande kvinne. Spelaren er ifølgje forsvararen sin overraska over tiltalen og ser fram til rettssaka.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE: Klubbdirektør Øystein Neerland i MFK seier dei vil vurdere korleis dei skal handtere saka, etter at ein av dei mest profilerte spelarane i stallen er tiltalt for valdtekt.

Han vil ikkje seie noko meir om saka no.

Øystein Neerland

Klubbdirektør Øystein Neerland er svært forsiktig med å kommentere tiltalen som er tatt ut mot ein av spelarane.

Foto: NRK

Ein Molde-spelar er tiltalt for valdtekt etter ein bytur i fjor. Spelaren er tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med nokon som var bevisstlaus eller av andre grunnar er ute av stand til å sette seg imot handlinga.

Ja, han er tiltalt for sove-valdtekt. Det er det einaste vi vil seie, seier statsadvokat i Møre og Romsdal, Ingvild Thorn Norheim til NRK.

Kor omfattande har etterforskinga vore?

– Saka har vore godt og grundig etterforska, seier ho.

Norheim seier ho ikkje vil gje ut tiltalen, fordi saka etter alt å døme kjem til å gå for lukka dører.

– Overraska over tiltalen

Mannen sin advokat, Øyvind Panzer Iversen, skriv i ein sms at MFK-spelaren er overraska:

Øyvind Panzer Iversen

Advokat Øyvind Panzer Iversen forsvarar eliteseriespelaren som no er tiltalt for valdtekt av ei sovande kvinne.

Foto: remi sagen

«Min klient er overraska over at påtalemakta tek ut tiltale. Han erkjenner ikkje at det har skjedd noko straffbart og han ser no fram mot å kunne forklare seg om dette i Romsdal tingrett».

– Glad for at saka kjem vidare

Kvinna sin advokat, Mette Ekroll Nyland, seier til VG at kvinna er glad for at saka no er komen eit steg vidare, og at ho er glad for å bli trudd av politiet.

Mette Nyland Ekroll

Mette Nyland Ekroll forsvarar kvinna som skal ha blitt valdtekta i ei leilegheit i Molde i fjor sommar.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

I fjor sommar blei det kjent at ein eliteseriespelar i Molde Fotballklubb var meldt og sikta for valdtekt av ei kvinne i ei leilegheit med fleire til stades, og politiet skal då ha gått ut og bedt om tips.

Kan vente ny vurdering

Då nyheita om at spelaren var meldt og sikta for valdtekt blei kjent, uttalte trenar Ole Gunnar Solskjær seg slik til Romsdals Budstikke.

– Han er ikkje tiltalt eller dømt. Difor ser vi ingen grunn til at han ikkje skal spele fotball, det er jobben hans. Vi vil gjere ei ny vurdering av dette dersom det skulle bli ei sak ut av politimeldinga, sa han.