Hopp til innhold

MFK-spelar på jobbjakt

Øyvind Gjerde (t.h)

Øyvind Gjerde (t.h) saman med Knut D. Lillebakk.

Foto: Arne Flatin / NRK

Molde Fotballklubb vil ikkje fornye kontrakten med forsvarsspelaren Øyvind Gjerde.

33-åringen seier til NRK at han vurderer å legge opp som fotballspelar og finne seg eit anna arbeid.

Gjerde har vore i MFK i sju sesongar. Han har denne sesongen vore lite med på førstelaget, men spelte i fjor ein del kampar i Eliteserien.

Øyvind Gjerde i kamp for MFK2

Øyvind Gjerde dirigerer Molde , der han har vore fast kaptein.

Foto: Arne Flatin / NRK

Han har også spelt for Aalesunds FK og vart der nesten verdsberømt for å ha scora sigersmålet mot nettopp MFK på Molde stadion i 2003. AaFK vann 3-2 på overtid. Etter denne sesongen vart Gjerde MFK-spelar.

Vil ha anna arbeid

Gjerde seier til NRK at han skulle ønske at han fekk endå ein sesong med MFK, men at det ikkje alltid går slik som ein vil. Akkurat no er han lite lysten på å tenke på noko anna enn at han må skaffe seg eit anna type arbeid.

Han har utdanning innan marknadsføring og er i grunnen open for det aller meste, berre det er utfordrande.

På spørsmål om han vurderer å trappe ned med spel i ein annan klubb i lågare divisjonar, så seier han at akkurat no er dette uaktuelt, etter som han framleis er ganske skuffa etter at MFK valde å ikkje gje han fornya kontrakt. Han har uansett tenkt å halde fram med å bu i Molde, seier han.

Fleire utan kontrakt

Klubben har fleire andre spelarar utan kontrakt neste sesong, blant desse er Aksel Berget Skjølsvik, Marcus Andreasson, Mbar Diouf, Kristian Strandhagen og Kristoffer Paulsen Vatshaug. MFK-direktør, Tarje Nordstrand Jacobsen, seier til NRK at dei ikkje ønskjer å kommentere dette før situasjonen er avklart for alle "Bosmanspelarane" til Molde.