Hopp til innhold

Ny publikumsfavoritt ?

MFK kan ha skote gullfuglen i år. 24 år gamle El Hadji Makhtar Thioune frå Senegal kan vere spelaren trenar Kjell Jonevret har mangla.

El Hadji Makhtar Thioune
Foto: Roar Strøm / NRK

Kjell Jonevret
Foto: Roar Strøm / NRK

Makhtar, som han vert kalla, på MFK-treningane, kom til klubben etter å ha spelt tre år på eit lågare nivå for Sparta i Sarpsborg.

Molde-trenar Kjell Jonevret vil ikkje skru forventningane alt for høgt, men legg ikkje skjul på at han har store forhåpningar til kva den elegante midtbanespelaren kan utrette i årets eliteseriesesong.

- Vi har kanskje mangla ein offensiv midtbanespelar som kan servere dei gode målgjevande pasningane, seier Jonevret.

Dermed har Molde eit luksusproblem på midtbana med spelarar som Magne Hoseth, Daniel Berg Hestad, Thomas Holm, Aksel Berget Skjølsvik og no den nye mannen frå Senegal, Makhtar.

Markerte seg

I treningskampen mot Lillestrøm sist markerte Makhtar seg på ein svært positiv måte. Det var mange som la merke til 24-åringen i den kampen. Også på treninga fredag viste han mange tekniske kvalitetar. MFK har ei gruppe på 24 mann no og skadeproblema er ikkje store ei veke før serien startar mot Lyn på Ullevål søndag 15.mars.

Hoseth positiv

Magne Hoseth, MFK
Foto: Roar Strøm / NRK

MFK-veteran Magne Hoseth synest at det Makhtar har vist så langt er positivt. Han fryktar ikkje at det no vert sterkare konkurranse om plassane på midtbana. - Konkurranse er berre bra, seier Hoseth til NRK. Om ei veke brakar det laust i vinterland, i Oslo, på Ullevål. Molde møter Lyn og for første gong skal El Hadji Makhtar Thioune spele i norsk eliteserie.