Molde-direktør Tarje Nordstrand Jacobsen har i dag hatt samtalar både med Brann og med Molde-trenar Arild Stavrum om det Stavrum har sagt om Branns Martin Andresen.
I eit intervju med VG før kampen mellom MFK og Brann onsdag kalla Stavrum Brann-kapteinen bl. a. for ei bølle.
- Denne utsegna må Stavrum stå for sjølv, seier Jacobsen. Han meiner det skal vere takhøgde for meiningar og ytringar, og at ein må kunne provosere litt og drive psykologisk oppbygging framfor ein kamp. - Men dersom den det går ut over føler at vi har gått over streken, er vi dei første til å beklage det, seier MFK-direktøren.
Han seier at han no reknar denne saka som ute av verda.