Hopp til innhold

Fjorårets mest sette eigedom er seld

Det idylliske bruket på Vikebukt toppa lista over mest viste eigedommar på Finn i fjor. No flyttar eigaren og hestane til varmare strøk.

Vikebukt

Tomta på 27 000 m² har nettopp blitt seld. Nette Bådal og hestane er klare for eit nytt kapittel i Spania.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Det vart nokre travle veker i og etter jul for Nette Bådal og mannen hennar. Like før jul la dei ut eigedommen sin for sal på finn.no.

Det skulle vise seg å bli svært populært, så populært at det vart den mest sette eigedomen på Finn i 2015.

– Eg trur nok mange syntest det var spennande å sjå ein litt annleis bustad. Vi fekk tilbakemeldingar om at den var unik i norsk målestokk med arkitektoniske detaljar, seier Nette Bådal.

Eigedomen som ligg på Vikebukt i Vestnes kommune er inspirert av amerikansk arkitektur, med eit stort og lyst hus. Saman med stall og ridehall, er eigedommen på nesten 27 000 m²

Vikebukt2

Denne stallen følger med eigedomen. Inntil vidare rommar den 12 arabarhestar.

Foto: Privat

Flyttar til Spania

Saka vart først omtalt i Romsdals Budstikke. No er hus og stall seld, og dei nye eigarane flyttar inn i løpet av juni. Allereie om nokre månadar ser Nette for seg å ta med seg mann og firma til varmare strøk, nærmare bestemt Spania.

– Vi følte at tida var inne for å flytte på oss. Mykje av mitt kundemateriale ligg i midtausten, det er difor enklare å styre hestedrifta frå Europa.

Nette driv firmaet, Nordlys Araber, og er den einaste profesjonelle opprettaren av arabarhest i Noreg.

– Eg tenkte at her var det berre å trå til og satse. Enten lykkast eg, eller så går det på ræva, seier ho lattermildt.

Det gjekk heldigvis rette vegen, og no har ho drive oppdrett av den flotte hestesorten i vel 15 år. Hestane vert avla opp og seld til mange ulike land. I tillegg til oppdrett deltek og hestane på ulike konkurransar, der dei har vunne gode prisar.

Spansk Seniorita

Dette vesle føllet er berre 3 veker gammalt. Det skal saman med mora (kvit) bli med til Spania.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Sel hestar til éin million

Spesielt populære er dei arabiske hestane i arabiske land, og Nette har mektige kundar i blant anna Iran, Qatar og Kuwait. Nyleg vart ein hest seld til ei arabisk prinsesse.

Har du nokre spennande kundar i vente?

– Eg har ein kunde i Abu Dhabi som kjøpte tre hestar av meg i fjor, og no reiste det ei hoppe til i januar. Så han har kjøpt fire hestar frå meg.

Kvifor vil dei ha så mange hestar?

– Dei har råd til det. Arabarane er også veldig konkurranseorienterte, så nokre gongar kjøper dei ein hest for at ikkje konkurrenten skal få tak i den, forklarar ho.

Arabarane betalar også godt.

– Prisen varierer frå hestens blodslinjer til kva prestasjonar han har. Ein kan fort få éin million for ein hest som berre er eitt år gammal.