Hopp til innhold

Mest nervøs på heimebane

Bror Magnus Tødenes er for tida tenor på Staatsoper Wiener, men i helga held han konsertar i Ulsteinvik og på Larsnes. – Eg er meir nervøs når eg skal opptre heime, seier han med eit smil.

Konsert for Bror Magnus Tødenes

Denne trioen held konsertar på Larsnes og i Ulsteinvik denne helga. Frå venstre tenor Bror Magnus Tødenes saman med kjærasten og sopranen Ida Katrine H.Johansen og pianist Olav Egge Brandal.

Foto: Arne Flatin / NRK

Tødenes har med seg forloveden, Ida kathrine H.Johansen, som er sopran. Dei har ikkje hatt så mange forestillingar saman før, så dette er noko dei gler seg til.

I tillegg er Olav Egge Brandal med på piano, ein tidlegare klassekamerat av Tødenes frå tida på vidaregåande skule.

Tødenes har gjort stor karriere sidan han for nokre år sidan vart lansert som eitt av dei største talenta i Noreg på mange år.

Engasjert ut 2019

Etter at kontrakten med Staatsoper Wiener går ut om kort tid er det nye utfordringar som ventar for 23-åringen. Faktisk har han engasjement som går ut 2019, så det vert ikkje for mykje fritid. Husværet han har i Stavanger har han budd i berre tre døgn så langt i år, så han ser fram til nokre dagar der snart.

Bror Magnus Tødenes er frå Eiksund i Ulstein kommune og har utvikla seg frå eit lokalt songtalent til ein solist av topp internasjonal klasse. For eit par år sidan var han klar til å ta steget ut i Europa, noko han no har gjort.

Trioen har konsert i Larsnes kyrkje laurdag kveld og på Sjøborg i Ulsteinvik søndag kveld.

Sopran Ida Katrine H. Johansen og pianist Olav Egge Brandal

Sopranen Ida Katrine H. Johansen og pianist Olav Egge Brandal held konsert saman med Bror Magnus Tødenes denne helga.

Foto: Arne Flatin / NRK