Gjennom prosjektet MAREANO har dei bidratt til å analysere videoopptak frå omtrent 1.200 kilometer havbotn dei siste 12 åra.
Heilt frå Mørekysten, der søppelmengdene er størst, og opp til dei nordlegaste områda i Barentshavet aust for Svalbard finn dei store mengder søppel. Det minkar jo lenger nord ein kjem, men søppelet har ein tendens til å samle seg i visse typar marine landskap.
– Videoane viser at søppelet hopar seg opp i enkelte marine landskap som trau eller renner på sokkelen eller i djuphavsravinar. Her ligg det ofte to til tre tonn søppel per kvadratkilometer, seier Lene Buhl-Mortensen, forskar ved Havforskingsinstituttet.
Mesteparten av søppelet er plast og fiskerirelatert avfall som garn, line og vaier. Men sjølv i dei aller djupaste områda finn dei søppel med opphav frå land.
– Vi har observert både plastposar og anna søppel heilt ned til 2.500 meters djup, fortel Pål Buhl-Mortensen, ein annan forskar ved Havforskingsinstituttet.
Kvart år døyr mange fuglar, sjøpattedyr og havskjelpadder fordi dei set seg fast i søppelet eller forvekslar det med mat. Ein avliva gåsenebbkval på Sotra har skapt internasjonal merksemd sidan forskarar fann 30 plastposar i magen på dyret. Også korallar og andre botndyr får dårlegare levevilkår.
Plast utgjer det største problemet, ettersom det ofte tar fleire hundre år før det vert brote ned.
(©NPK)