Hopp til innhold

Mest gnagsår denne påska

Det har vore ei roleg påske for Røde Kors i Møre og Romsdal. Dei har hjulpe mest til med småskader.

av Langevåg Røde Kors Hjelpekorps sin ATV bemannet av Olav Havnegjerde og Julie Havnegjerde.

Kvar dag i påska har rundt 40 frivillege frå Røde Kors hatt vakt rundt om i Møre og Romsdal.

Foto: Møre og Romsdal Røde Kors

Det varierande veret i påska gjorde at mange valde å halde seg heime, i staden for å legge ut på skitur. Det merkar dei frivillege i Røde Kors.

– Utfarten har vore meir varierande enn i fjor. Dei dagane veret har vore dårleg, har påskeutfarten også vore lav, seier Hilde Mittet ved Røde Kors sin informasjonssentral i Sula.

Gnagsår

Røde Kors har rapportert inn 656 skadar for heile landet. Skadetalet vart dermed litt lågare enn i fjor.

– Denne påska det har vore fleire småskader som gnagsår og sårkutt. Før var det meir brot og forstuingar, seier Mittet om skadene dei frivillege i Møre og Romsdal har hjulpe til med. Kvar dag har om lag 40 frivillege vore på vakt rundt om i fylket. Dei har sluppe både leiteaksjonar og at folk vart tekne av snøskred. Det gjekk skred i Sunndal i påska, men ingen vart tatt.

LES OGSÅ:

Folk ringer heim

Også Norsk Folkehjelp har hatt beredskap fleire stader i landet i påska. Dei har hjulpe 52 skadde. Dei ser at det har vore ein nedgang i talet på leiteaksjonar, men dei har behandla fleire skadde enn i fjor.

Norsk Folkehjelp meiner betre mobildekning er hovudårsaka til at det er færre leiteaksjonar.

– No kan folk ringe heim, sjølv når dei oppheld seg på stader langt utanfor allfarveg. Dei som skadar seg, ringer også nødnummera og gir beskjed nøyaktig kvar dei er og kva som har skjedd. Då treng ikkje vi leite etter dei og kan sende mannskapa direkte til pasienten, seier vaktleiar Vegard Lindbæk til NTB.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL