Hopp til innhold

Regiondebatten: - Merkar stort engasjement på Nordmøre

Høgre-politikar Vetle Wang Soleim frå Smøla vil vente på utgreiinga som regionrådet gjer før han tek stilling til kva som er best for Nordmøre.

Vetle Wang Soleim

Høgre-politikar Vetle Wang Soleim frå Smøla ser at regiondebatten vekker stort engasjement rundt omkring i fylket.

Foto: Trond Vestre / NRK

I nordmørskommunane går debatten no for fullt i forhold til kva vegval regionen skal ta. Skal dei bli i Møre og Romsdal eller søke mot Trøndelag. Wang Soleim, som Unge Høgre og fleire lokallag vil ha som tredjekandidat til stortingsvalet neste år, er spent på resultatet av utgreiinga.

– Det er store krefter og sterkt engasjement i begge endar av fylket i forhold til kva region ein skal høyre til.

– Eg trur også at dei kreftene kjem til å vere sterke heile vegen og at det blir ei sak i mange kommunar når utgreiingane til Orkidé og bystyret i Kristiansund er ferdige, seier han.

Stort engasjement

Førre veke underteikna Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ein intensjonsavtale om å slå seg saman til ein stor Vestlandsregion. Også trøndelagsfylka har vedtatt å slå seg saman. Dermed kan Møre og Romsdal risikere å bli omgitt av store og sterke regionar på begge sider.

Wang Soleim forstår at saka vekker stort engasjement rundt omkring i fylket.

– Det er mange som bur nær grensa til det som kan bli ein veldig stor region. Ein ser kor stor naboen blir og då ønskjer ein å greie ut om det er noko ein vil vere med på eller ikkje, seier han.

Wang Soleim trur det er både kjensler å fakta involvert i regiondebatten.

– Mange kommunar og parti har alt flagga kva veg dei vil gå, og det er mange sterke kjensler i sving blant innbyggarane. Men det er også faktabaserte ting som ligg til grunn, mellom anna næringssamarbeid, arbeidslivsmarknad og det å bli ein del av ein større by, seier han.

Fakta må ligge til grunn

Høgre-politikaren meiner at spørsmålet om kva region ein skal tilhøyre i stor grad er ei sak mellom kommunane og Stortinget. Han fryktar likevel at Møre og Romsdal kan bli lite dersom det blir ståande aleine,

– Møre og Romsdal er eit lite fylke no, og eg trur det fort kan bli det minste i ein regionreform dersom vi består. Men vi har eit flott fylke med eit sterkt næringsliv og engasjerte og flinke folk, så Møre og Romsdal står også sterkt på sine eigne bein. Likevel har eg forståing for dei kommunane som ønskjer å greie ut spørsmålet om samanslåing, seier Wang Soleim.

Han meiner det er viktig at kommunane får gjennomført nødvendige utgreiingar for å kunne sjå hele biletet.

– Det viktigaste for meg er at kommunane fortset jobben med å hente inn kunnskap om kva det vil seie å gå til ein annan region. Eg er ikkje tilhengar av å ta avgjerder basert på kjensler, ein må ha eit kunnskapsbasert grunnlag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL