Per Gunnar Hamnøy
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Menn jobbar mest frivillig

Ressurssterke menn med barn er dei som bidrar aller mest som frivillige i Noreg. Innvandrarar er lite aktive i idrettslag og korps.

Kunstgrasbana på Emblem i Ålesund yrar av liv. På eine delen spelar damelaget kamp, og på andre delen har trenar Per Gunnar Hamnøy samla sine jenter. Dei er 15 år og har fire engasjerte fedrar som deler på trenarjobben to gongar i veka. Hamnøy er ikkje den type trenar med høgast konkurranseinstinkt. For han er det viktigast at jentene har det sosialt og kjekt.

– Då eg vart far tenkte eg at eg har lyst å vere med der ungane er, seier Hamnøy.

Læraren er trebarnsfar og starta sitt frivillige arbeid for barna i søndagsskulen. Seinare vart han engasjert i idrettslaget i bygda med 1500 innbyggjarar. Han trur at mange barn hadde blitt sitjande passive framfor datamaskinene dersom ikkje foreldre engasjerte seg, for å skape fritidsaktivitetar. Idrettslaget på Emblem har ein person som er tilsett, men er avhengig av stor frivillig innsats frå foreldra.

– Eg trur mange foreldre synest det er kjekt å følge barna på aktivitetane. Det gir stor glede, seier Hamnøy, medan han sender pasningar til ei av jentene som er utan partnar.

LES OGSÅ:

Menn er mest aktive

Per Gunnar Hamnøy

Per Gunnar Hamnøy har vald å engasjere seg i fotball, fordi barna driv med det.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Forsking viser at dei som gjer aller mest frivillig arbeid i Noreg er menn i alderen 35–49 år. Den typiske frivillige er ein gift mann, som har barn i huset, høg utdanning og høg hushaldsinntekt.

Kristin Strømsnes er professor i samanliknande politikk og har forska på frivillig arbeid. Ho trur at grunnen til at det nettopp er menn som scorar best på statistikken, er at dei er engasjert i idretten.

– Tar vi ut idrett og sport, er fordelinga jamnare. Det har vore ein viss tradisjon for at det er menn som er til dømes fotballtrenar og leiar av idrettslaga, seier Strømsnes.

Frivillig tvang

Den frivillige innsatsen i Noreg er stabilt høgt og til dels stigande. Ein av grunnane er at det er så mange organisasjonar i landet. Også dei andre skandinaviske landa har høg frivillig innsats og høgt tal på medlemmar som er med organisasjonar. Heile 40 prosent av dei som er frivillig arbeider for idrett.

– Frivillig innsats er all den ubetalte innsatsen som blir gjort for ulike typar organisasjonar. Det kan vere alt frå å trene eit idrettslag, stå i kiosken, arrangere loppemarknad eller delta på dugnader, seier Strømsnes.

Ho seier at det er venta av samfunnet at foreldre engasjerer seg i frivillig arbeid og dugnad når dei har barn.

– Ingen kan pålegge deg det, men samtidig ligg det nok ein viss grad av frivillig tvang. Det er venta at du tar din del av arbeidet, seier Strømsnes.

Innvandrar deltek lite

Ei gruppe som er underrepresentert er innvandrarar.

– Dei slit med å skjøne mekanismane. At sjølv om det kallast frivillig, kan du ikkje berre la vere delta, seier Strømsheim. Ho trur det er større behov for opplæring av denne gruppa.

Frivillig Norge, som er eit samarbeidsforum for frivillige organisasjonar, erfarer at mange innvandrar arbeider frivillig i sine eigne minoritetsorganisasjonar.

– Utfordringa er at det ikkje er så mange innvandrar som deltek i dei tradisjonelle norske organisasjonane, seier generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen. Grunnen kan ha med språkutfordringar og kultur å gjere. Mange nordmenn tek for gitt at alle skal delta, utan å forklare kvifor, hevdar Johnsen.

Stian Slotterøy Johnsen

Stian Slotterøy Johnsen er generalsekretær i Frivillig Norge.

Foto: Mattis Rolighed Bergset / NRK

Ranselpost når ikkje fram

– Mange kjem kanskje frå ein kultur der det er vanleg at fritidsaktivitetar er organisert av det offentlege. Når ein betalar for ein aktivitet, skal ein ikkje gjere frivillig innsats i tillegg, seier Johnsen.

Frivillig Norge hjelper no organisasjonar med å rekruttere innvandrarane. Det å sende dei eit skriv gjennom ranselposten til barna, er slett ikkje måten å gå fram på.

– Personleg kontakt og personleg oppfølging er avgjerande, seier Johnsen. Å delta som frivillig er viktig for kvardagsintegreringa. Det er der du møter naboen og blir kjent med nærmiljøet, meiner han. Johnsen trur også at det å delta i frivillig arbeid, aukar sjansane til å få jobb.

Språket er eit hinder

Frank Magne Skipnes

21-åringen busett i Ålesund meiner at nordmenn bør bli flinkare til å ta kontakt med innvandrarar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes

Frans Magne Skipnes (21) har far frå Pakistan og norsk mor. Han meiner at nordmenn bør vere flinkare til å ta kontakt med innvandrarar og på den måten inkludere dei i frivillig arbeid.

– Har du barn på same alder, la dei leike saman. Eller inviter inn på kaffi, seier Kipnes. Han meiner at engasjement ikkje bør handle om farge, men om kva interesser ein har.

Alfredo Garcia bur i Ålesund, men kjem frå Peru. Han har jobba som driftsoperatør i årevis, men vart arbeidsledig som fylgje av oljekrisa.

– Eg deltek på dugnad ein gong i året. Då måler vi, klipper graset og ryddar. Eg blir kjent med mange folk, seier Garcia.

Han trur språket er mykje av årsaka til at mange innvandrarar ikkje deltek i dei tradisjonelle norske organisasjonane.

– Mange isolerer seg i sitt eige miljø og lærer berre halvvegs det norske språket, seier Garcia.

Føler seg angripne

Sjølv har han budd i Noreg i mange år, men snakkar ikkje flytande norsk. Han trur at flyktningar føler seg angripne, fordi folk meiner dei utnyttar systemet. Dessutan er systemet slik at dei ikkje kjem seg i aktivitet og er avhengig av økonomisk støtte. Han meiner det er bra at det vert sett krav til språkopplæring.

– Ein kan ikkje presse for mykje, men eg har sett mange som har kome hit og vorte til nytte for samfunnet, seier Garcia.

Ei oppgåve til alle

Alfredo Garcia

Alfredo Garcia trur språket er ei stor hindring for at innvandrar skal engasjere seg i frivillig arbeid.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På Emblem stadion er det ingen innvandrarar å sjå, men derimot mange menn i same alder som Per Gunnar Hamnøy. Hamnøy meiner at det å delta i frivillig arbeid, gjer at du knyter kontaktar i lokalsamfunnet.

– Det må vere den beste arenaen for barna og familien å kople seg på det norske samfunnet og lære seg spelereglane, seier Hamnøy.

Han er sjølv innflyttar frå ei anna bygd på Sunnmøre og har blitt kjent med naboane gjennom sitt frivillige arbeid.

– Å engasjere seg både i bedehuset og idrettslaget var eit topp val for meg, seier Hamnøy.

Trur du enkelte foreldre vert skremde frå å engasjere seg i idretten fordi dei manglar kompetanse?

– Det trur eg. Dette er ein personleg eigenskap og kva ein føler ein meistrar. Men i ein klubb som dette finst det oppgåver for alle, som kakebaking, kiosk og komitear, seier Hamnøy.

Per Gunnar Hamnøy og J15

Per Gunnar Hamnøy saman med jenter 15-laget.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK
Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+ Del på epost

Siste video/lyd

Han likar å halde på heime i garasjen. Tidlegare har han bygd ein kopi av Pelle Politibil, og i februar i år sette han i gang eit nytt prosjekt som han no er i ferd med å avslutte.
Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.