Hopp til innhold

Meldt til tysk politi for norsk kvalkjøt

Den norske standen fekk skryt og tomlar opp for kvalkjøtet dei serverte under Grüne Woche i Berlin. Men så kom politiet og fjerna kjøtet.

Kvalkjøt på Grüne Woche

Kvalkjøt var eit eksotisk og populært innslag på den norske standen til matmessa Grüne Woche i Berlin inntil politiet kom og fjerna det.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

For to dagar sidan melde NRK om kvalkjøt-suksessen på den populære matmessa i Berlin. No er kvalkjøtet kasta og den norske standen meldt til politiet.

Ulovleg import

Ifølgje lokalavisa BZ i Berlin visste ikkje nordmennene som opererer den norske standen under Grüne Woche at det er ulovleg å importere og selje kvalkjøt i Tyskland

Brot på lova har ei strafferamme på opptil fem års fengsel, men ifølgje avisa får den norske standen berre ei bot.

Handla i god tru

– Vi ante rett og slett ikkje at det var eit forbod, så dette har vi gjort i veldig god tru, seier standansvarleg Arne Andreas Rød frå Innovasjon Norge til VG.

Kjøtet hadde blitt skrive på importlista og tollklarert på vanleg måte, men utan å bli fanga opp av det tyske tollvesenet. Rød trudde dermed alt var i orden.

– Det verkar ikkje som om forbodet er så godt kjent. Arrangørane verka også overraska. Det er ikkje noko hyggeleg å bli meldt til politiet og kome i media med overskrifter om kvalskandale, seier han og orsakar for at dei ikkje hadde sett seg godt nok inn i lovverket.

Ikkje meininga å fornærme

Kirsti Indreeide ved Petrines Gjestgiveri AS

Kirsti Indreeide er Møre og Romsdal sin koordinator på den norske standen i Berlin.

Foto: privat

Koordinator for matmessa i Møre og Romsdal, Kirsti Indreeide, seier det var ein ubehageleg episode for dei som stod på standen då politiet kom.

– Dei aller fleste som var innom standen gav skryt til kvalkjøtet. Sjølv om det var nokre negative reaksjonar, var dei eit absolutt fåtal og færre enn vi trudde på førehand. Det var derfor uventa og ubehageleg for dei som stod på standen og vart konfrontert av politiet, seier ho.

Indreeide fortel at kvalkjøtet var meint å vere ein eksotisk kuriositet i eit elles mangfaldig matilbod. Å fornærme tyskarane var det siste dei ville oppnå, seier ho.

– Hadde vi visst at kvalkjøt var ulovleg i Tyskland, hadde vi sjølvsagt latt vere å inkludere det på standen.

Indreeide understrekar at kvalkjøtet er fanga på lovleg måte i samband med forsking.

– Men eg har respekt for at andre land har andre oppfatningar og lovverk ikring kvalfangst, avsluttar ho.

NTB/NRK