Meldt for vald

Ein 21 år gammal mann blei tatt med inn til arresten i Kristiansund i natt og blir meldt for vald, å ha forstyrra ordenen og for å ha sett seg kraftig til motverje då han blei arrestert. I tillegg blei ein mann i 50-åra sett i arresten i Ålesund i natt etter å ha slått ein annan mann i ansiktet. Ifølgje politiet skal valden ha verka uprovosert og den fornærma måtte til behandling ved legevakt. Mannen i 50-åra blir meldt for forholdet.