Hopp til innhold

Melding om brann var røyk frå SOS-boks

Alle naudetatane rykte ut etter meldingar om røyk frå ein passasjerbåt i Ellingsøyfjorden. Det viste seg å vere røyk frå ei røykboks som hadde blitt løyst ut med eit uhell.

Trio båt

Alle naudetatane rykka ut etter melding om røyk frå ein passasjerbåt. Det viste seg å vere røyk frå ei røykboks.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det var like før klokka 13.30 at politiet melde om sterk raud røyk frå «Trio», passasjerbåten som går i Ellingsøyfjorden om sommaren. Alle naudetatane rykte ut til staden.

Røykutvikling i Trio-båt

Røyken kom frå ei røykboks, SOS-boks, om bord i båten.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Men etter kort tid kunne politiet bekrefte at det ikkje var snakk om brann.

– Det har vore ei røykboks, ei SOS-boks, om bord i båten som har hekta seg fast i noko på Kalvøya og så har den gitt frå seg mykje røyk, seier Trond Olsen, innsatsleiar i politiet.

Politi og brannvesenet fekk ein rekke telefonar om røykutviklinga.

– Mange tok kontakt for å melde frå om røyken, men det var altså ikkje brann, seier Olsen.

Mykje røyk

Det var rundt 20 barnehagebarn og seks-sju vaksne i båten då røykutviklinga oppstod.

– Det såg veldig dramatisk ut først, men det var jo på grunn av all røyken. Det har ikkje vore noko røyk i båten i det heile tatt. Barna som var om bord i båten har heller ikkje blitt utsett for røyk, seier Olsen.

Han fortel vidare at brannvesenet no skal undersøke bøya for å finne ut kva som er i den.

– Slik vi ser det no er dette eit hendig uhell, og så får vi eventuelt kome tilbake til saka på eit seinare tidspunkt, seier Olsen.

Trudde først det var ei røykmaskin

Politiet melde først at røyken skuldast røyk frå ei røykmaskin i båten.

Laster Twitter-innhold

Trio-båten frakter kvart år hundrevis av passasjerar til og frå øyene i Ellingsøyfjorden. Trioen kan også leigast til turar til og frå Slotsviknaustet, Devoldfabrikken, Seilerhytta m.m.