Hopp til innhold

Melder politiet til Spesialeininga etter dødsbrann

Dei pårørande etter dødsbrannen i Herøy i Møre og Romsdal i desember 2008, der fire ungdomar omkom, har meldt dei ansvarlege for etterforskinga til Spesialeininga for politisaker for mogleg grov uforstand i tenesta.

Dødsbrann i Herøy i desember 2008.

Fire ungdomar omkom i brannen på Flusund i Herøy i desember 2008.

Foto: Svein Smørdal / NRK

– Saka er svært alvorleg, og står fram som ein av dei verste dødsbrannane i landet dei siste åra. Fire ungdomar omkom i brannen, og dei pårørande har aldri fått svar på kva som var årsaka til at brannen oppstod, slik at dei miste borna sine, heiter det blant anna i brevet frå bistandsadvokat Odd Hovde.

Han skriv i brevet til Spesialeininga at de pårørande meiner at etterforskinga har svikta totalt. Dei meiner det ikkje vart sett inn forsvarlege ressursar for å oppklare saka, og at den eller dei ansvarlege bevisst har nedprioritert saka alt frå dag ein.

– Må stillast til ansvar

Forsvarer Odd Hovde

Bistandsadvokat Odd Hovde har på vegner av dei pårørande meldt politiet til Spesialeininga for politisaker etter dødsbrannen i Herøy i 2008.

Foto: Aina Rødal / NRK

Det heiter vidare at dei pårørande meiner at nokon må stillast til ansvar til det som skjedde, fordi samfunnet ikkje kan akseptere at ein så omfattande tragedie ikkje skal føre til at det blir sett fokus på ansvarleggjering av dei som er tildelt ansvar for etterforsking og mogleg oppklaring av denne type saker.

Bistandsadvokaten skriv blant anna i meldinga at det han karakteriserer som den manglande etterforskinga har skapt betydelege belastande konsekvensar for dei pårørande og lokalsamfunnet.

Det var 14. desember 2008 at katastrofen ramma det gamle bustadhuset på Flusund i Herøy. Mange ungdomar var samla til fest i huset tidlegare på natta. Brannen starta truleg ut på morgonsida, og fire av ungdommane som overnatta i huset kom seg ikkje ut.

Privat etterforskar

Jens Bjørkedal

Privatetterforskar Jens Vidar Bjørkedal konkluderte med mangelfull etterforsking av dødsbrannen.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Dei pårørande har tidlegare engasjert privatetterforskar og tidlegare lensmann Jens Vidar Bjørkedal til å gå gjennom saka. Han konkluderte med at det var openberre manglar og veikskap i etterforskinga, både teknisk og taktisk.

Det mest graverande, meiner han, er at dei pårørande ikkje fekk tilbod om bistandsadvokat.

– Det var kanskje med på å gjere etterforskinga svakare at det ikkje var eit nøytralt menneske til å ta vare på foreldra sine interesser, seier han til NRK i kveld.

Han trekkjer også fram at politiet ikkje sikra gjenstandane som vart funne i ein bil utanfor huset, gjenstandar som hadde vore inne i huset tidlegare.

Funn av gjenstandar

– Det var gjenstandar som høyrde til dei som brann inne. Om etterforskarane hadde sikra spor her kunne kanskje vore med på finne ut kven som har fjerna gjenstandane frå huset, og eventuelle DNA-spor hadde vore bevismateriale, legg den tidlegare lensmannen til.

Dei pårørande fekk ikkje vite om desse gjenstandane før sommaren etter, etter at saka var lagt bort.

Han meiner også at politiet hadde bestemt seg for at brannen skuldast ei tragisk ulukke.

– Eg meiner at etterforskinga handla for mykje om at det hadde vore ein ungdomsfest i huset, der det var alkohol og røyking, og det var også litt av grunnen til at dei la bort saka og ikkje kom fram til ei klar brannårsak, seier Bjørkedal vidare.

Ny etterforsking

Han sakna ein skikkeleg gjennomgang av saka, også etter at saka vart teken opp på ny.

– Eg håpar at nokon no tek tak i dette og ser på etterforskinga i 2008 opp mot etterforskinga i 2014, og at dei går nøye gjennom alle dokumenta for å sjekke om det skurrar i forklaringar og opplysningar, avsluttar Bjørkedal.

Politimester Ingar Bøen Ålesund

Ingar Bøen er konstituert politimeister i Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Dåverande politimeister i Sunnmøre politidistrikt, Steven Hasseldal, avgjorde i mai 2013 å setje i verk ny etterforsking av saka, etter at Bjørkedal hadde lagt fram sin rapport. Dei nye etterforskinga kom ikkje vidare og saka vart lagt bort igjen.

Både Sunnmøre politikammer og Kripos har seinare vedgått mangelfull etterforsking i saka.

– Tek det til etterretning

Politimeister i Sunnmøre politidistrikt, Ingar Bøen, seier til NRK at han er gjort kjent med at politidistriktet er meldt til Spesialeininga gjennom media.

– Det vil ikkje vere rett av meg å kommentere dette på det noverande tidspunkt, anna at vi tek meldinga til etterretning, seier han.