Melder pasient til politiet

Fylkeslegen i Møre og Romsdal melder ein 36 år gamal bergensmann til politiet for svindel med reseptar. Dei meiner har han har lurt til seg reseptar frå legar over heile Vestlandet.

Rivotril

Fylkeslegen meiner mannen har lurt til seg reseptar av legemiddelet Rivotril.

Foto: unknown / NRK

Cato Innerdal, assisterende fylkeslege i Møre og Romsdal .

Cato Innerdal er assisterande fylkeslege i Møre og Romsdal

Tidlegare i år gjekk assisterande fylkeslege Cato Innerdal ut og åtvara alle apotek frå Rogaland til Møre og Romsdal mot å gi ut medikament til mannen.

Fylkeslegen meiner mannen i årevis har drive såkalla "legeshopping", det vil seie at han har fått ut store mengder medisinar på resept ved å gå til ulike legar på Vestlandet.

Helsetilsynet var då kjent med at mannen skal ha fått meir enn 100 reseptar på det vanedannande legemiddelet Rivotril. Det var ein turnuslege som først fekk mistanke og varsla om mannen.

No er altså saka meld til politiet. Det er Hordaland politidistrikt som skal etterforske saka.