Norges Jeger- og Fiskerforbund og Verdas Naturfond (WWF) meiner det som har skjedd er alvorleg miljøkriminalitet og vil difor kople inn politiet.
– Alvorleg
Lakserøminga er truleg den mest omfattande i Noreg nokon gong. Fylkesleiar i Jeger- og fiskerforbundet, Rolf Erik Kollstrøm, fryktar dette får alvorlege konsekvensar for villaksen i området.
Marine harvest sitt oppdrettsanlegg på Tustna havarerte under den kraftige stormen måndag i førre veke. Det er ikkje klart nøyaktig kor mykje fisk som rømde, men det er snakk om hundretusenvis. Truleg er dette den største lakserømminga i Noreg nokon gong.
Rolf Erik Kollstrøm (Foto: Gunnar Sandvik)
– Skadar villaksen
Norges jeger og Fiskerforbund og verdas Naturfond meiner rømminga vil få alvorlege konsekvensar for villaksen både på lang og kort sikt. Det er snart gytetid for villaksen, og no treng den fred og ro til å finne dei rette gyteplassane. Dette mønsteret kan oppdrettslaksen forstyrre. I tillegg vil det på lang sikt føre til genetisk utarming av villaksstammen og spreiing av dødeleg lakselus. Villaksen tåler ikkje så store påkjenningar, seier Kollstrøm.
– Inga orsaking
Marine harvest blir no skulda for alvorleg miljøkriminalitet, og politet blir no bedt om å etterforske saka. At det var ein sjeldant tidleg og sterk hauststorm som fekk anlegget til å havarere, er inga orsaking, meiner Kollstrøm.