Hopp til innhold

Melder forsøpling til politiet

Gjemnes kommune melder dumping av søppel kassert innbu til politiet. På eit friområde på Bergsøya har nokon dumpa alt frå møblar til knuste glas, keramikk, plast og tablettar, skriv avisa Tidens Krav. Gjemnes kommune ønskjer at gjerningspersonane blir tiltalt og straffa. Kommunen kjem til å fremje eit erstatningskrav for dokumenterte utgifter til opprydding.