Hopp til innhold

Melde seg etter plantehærverk

Ein angrande syndar melde seg etter eit plantetjuveri i Volda torsdag føremiddag.

Politi illustrasjon

Personen som hadde fjerna planter til fleire tusen kroner i Volda, melde seg torsdag ettermiddag.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Det var torsdag føremiddag at politiet på Sunnmøre etterlyste tips etter at nokon hadde fjerna planter for fleire tusen kroner frå ei rundkøyring i Furene i Volda.

Plantane hadde blitt fjerna i løpet av natt til torsdag.

I 15.00-tida torsdag hadde den skuldige meldt seg.

– Gjerningsmannen tok sjølv kontakt med Plantasjen og ville gjere opp for seg. Han møtte opp saman med ein liten gjeng for å rydde opp i ugjerninga si, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar for politiet på Sunnmøre.

– Plantasjen ville i utgangspunktet melde forholdet, men har no trekt politimeldinga. Det er bra når det ordnar seg på denne måten, seier Ferstad.