Tilbake i tid for dei mektige jamaldringane frå Ulsteinvik

Dei er like gamle og har begge tatt opp arven etter fedrane sine, som leiarar ved to av dei viktigaste skipsverfta. Nyleg blei begge valde inn i mektige verv. Vi tok dei med nesten 30 år tilbake i tid – til Ulstein vidaregåande skule der dei begge var avgangselevar på 80-talet.

Dei er like gamle og har begge tatt opp arven etter fedrene sine - som leiarar ved to av dei viktigaste skipsverfta i landet. Nyleg blei begge valde inn i mektige verv. Vi tok dei med nesten 30 år tilbake i tid til Ulstein vidaregåande skule - der dei begge var avgangselevar på 80-talet.

Tore Ulstein er styreleiar og visekonsernsjef i Ulstein Group ASA, medan Kjersti Kleven er styreleiar i Kleven Maritime AS.

– Tida går fort når ein har det kjekt, seier Tore Ulstein.

- Ja, tida går fort når ein har det moro, repliserer Kjersti Kleven.

Begge ståande utanfor Ulstein vidaregåande skule i Ulsteinvik. Der var begge avgangselevar i 1986.

Seinare har dei begge tatt steget høgt opp i bedriftsverda.

Kjersti Kleven

Kjersti Kleven blei styreleiar i Norsk Industri i mai i år.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

«Die Führerin»

Til vanleg er Ulstein styreleiar og visekonsernsjef i Ulstein Group ASA. Kjersti Kleven er styreleiar i Kleven Maritime AS. Begge har tatt opp arven etter fedrane.

Nyleg blei Ulstein ny president i NHO , medan Kleven blei vald til ny styreleiar i Norsk Industri tilbake i mai.

– Det er litt vanskeleg å kjenne igjen. Problemet no er at eg må ha briller for å lese det, seier Kleven.

Ho og jamaldra Ulstein har funne den gamle kantina – i ein skule som har modernisert seg veldig sidan 80-talet. På bordet opnar dei den gamle russeavisa.

– «Die Führerin», det høyrest jo bra ut, flirer Ulstein då han får auge på russepresident Kleven sitt bilde og russenamn.

– «Ho har heilt sidan ho kom inn i klasserommet første dagen vist seg som eit stor leiaremne», nikkar Tore og kikar bort på Kleven. Derav namnet, slår han fast.

Tore Ulstein

Tore Ulstein blei nyleg vald til ny president i Næringslivet sin hovudorganisasjon.

«Lillegutt»

– «Lillegutt», altså. Eg kan ikkje hugse at du var så liten?, smiler Kleven når ho ser det gamle bildet av Ulstein i russeavisa.

– «Lillegutt har utvikla seg til å bli ein ekte realist, der meiningane hans er vanskelege å rokke. Han er ikkje den stillaste når klassediskusjonane går i gang, og når han først opnar munnen har vi ein definisjon i vente», les Kleven.

Dei to industritoppane trivst godt i gjensynet med sin gamle skule. Eit panoramabilde av heimstaden, Ulsteinvik, på veggen gjer at dei to stoppar opp.

– Eg ser rundt bukta kor mykje industri her er, det er ganske fascinerande, meiner Ulstein.

– Men då vi vaks opp var det fire skipsverft. Hasund, Kleven, Hatlø og Ulstein, og så hadde ein forskjellige små verkstadar i tillegg, seier Kleven, medan ho peiker og viser på bildet.

Ei større klynge

– Eg tenkjer på kor mange båtar og reiarar som høyrer til i det området, seier Ulstein medan han peikar mot nabokommunen Herøy.

For det er ei stor maritim klynge, der kommunar og bedrifter samarbeider tett. Kjersti Kleven og Tore Ulstein er to av mange som har vore med å vidareutvikle miljøet i seinare tid.

Tilbake på skulen får dei to møte den gamle gym- og formingslæraren sin, Per Ola Kleppe. Eit hjarteleg møte, der Kleppe kjem med fleire historier.

– Eg hugsar han Tore hadde forming, og han laga ei mappe til å ha teiknearbeid i – mellom anna kolteikningar. Og eg hugsar etter at mappa var ferdig, så kika han på den og sa «tenk at eg har laga noko så fint», humrar Kleppe.

– Sjølvtillit er viktig, flirer ein lett flau og teikneglad Ulstein.

– Det verka svært oppriktig, svarer Kleppe.

– Det er bra ein framleis kan overraske seg sjølv, seier Kleven.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.