Hopp til innhold

Meir til kultur

I statsbudsjettet er det foreslått ein auke på gjennomsnittleg 11 prosent i løyvingane til kulturinstitusjonane i Møre og Romsdal.

Bygata på Romsdalsmuseet

Romsdalsmuseet (her bygata) får ein auke i statstilskotet på 11 prosent

Foto: Gunnar Sandvik, NRK Møre og Romsdal

Auken i statstilskotet:

  • Statstilskotet til Atlanterhavsparken blir fjerna og lagt inn under Sunnmøre Museum, som får ein auke frå i fjor på 1,5 millionar og ein samla auke på 3,2 millionar kroner.
  • Bjørnsonfestivalen: auke på 0,2 millionar (+18,3 %)
  • Kulturkvartalet i Ålesund (Jugendstilsenteret og Kube): 246 000 (+4,4%)
  • Moldejazz: 0,5 millionar (+10,9%)
  • Nordmøre Museum: 0,5 millionar (+9,5%)
  • Nynorsk kultursentrum: 1 million (+11%)
  • Operaen i Kristiansund: 1 million (+9,5%)
  • Romsdalsmuseet: 0,5 millionar (+11,1%)
  • Teatret Vårt: 1,5 millionar (+10%)

Kystkultur

Regjeringa vil også auke tilskotet til kystkultur med 3 millionar kroner som er knytte til Kystverkets etatsmuseum. Dette museet er eit nettverk med fire samarbeidspartnarar: Fyrmuseet på Lindesnes, Tungenes fyr i Rogaland, samlinga i Dalsfjorden i Volda og Lofotmuseet i Nordland. Modellen legg til grunn ei statleg finansiering på 6 millionar kroner som etter budsjettforslaget no er klar, og lokale og regionale bidrag på 4 millionar kroner.