Hopp til innhold

Meir til Jugendstilsenteret

Kunstmuseet KUBE og Jugendstilsenteret i Ålesund får vel ein million kroner i påplussing på statsbudsjettet.

Kulturkvartalet (Kunstmuseet KUBE t.v. og Jugendstilsenteret)
Foto: Odd Sørås / NRK

Det var stortingsrepresentant Svein Gjelseth (Ap) som hadde med seg den gledelege nyheita til Ålesund i dag.

 

 Forsking og formidling

- Fugl Føniks har stått opp av aska! seier Dag Aak Sveinar, direktør i Stiftelsen Kulturkvartalet som omfattar begge institusjonane. - I år har vi fått gitt lite av oss sjølve, no får vi eit budsjett som gjer at begge institusjonane kan drivast på ein måte som er til glede for heile Nordvestlandet.

- No kan vi satse skikkeleg på forsking og formidling, seier Dag Aak Sveinar, og brukar årets utstilling med måleri av Kåre Haram som eksempel. - Vi reiste rundt og fekk låne kunstverka og laga til ei god utstilling, men vi hadde ikkje ressursar til å lage ein katalog som kunne presentert Harams kunst og sette den inn i ein samanheng. Slikt kan vi få gjort no.

Spleiselag

- Føresetnaden for at staten no plussar på 1,16 millionar er at Ålesund kommune er komen med, seier Svein Gjelseth. Kommunen skal leggje 750 000 kroner i kassa til KUBE og Jugendstilsenteret kvart år framover, og Gjelseth er glad for at ei forsvarleg drift av institusjonane no er sikra.