NRK Meny
Normal

Meir snø i vente - så kjem regnet fredag

Snøen har lava ned i natt og bygeveret skal halde fram utover dagen. Fredag blir det regn i låglandet.

Fursetfjellet

Slik ser det ut på Fursetfjellet i dag. Biletet er frå Statens vegvesen sitt webkamera.

Foto: Webkamera frå Statens vegvesen

Det er vanskelege køyreforhold fleire stader i Møre og Romsdal. Vegvesenet har alt mannskap ute for å rydde etter det kraftige snøfallet i natt.

Meteorolog Gunnar Livik seier at det var spesielt i natt at det passerte ei byelinje med snø, som har gått over til sludd og snøbyer på morgonen. Det blir mindre byer utover dagen og i kveld blir det opphaldsvêr.

– Fredag vil temperaturane stige og det ser ut som det blir regn i låglandet. Det går over til vestleg liten kuling og stiv kuling nord i fylket i kveld, seier Livik.

Ifylgje meteorologen slepp Kong vinter absolutt ikkje taket. No er havtemperaturane på sitt lågaste. Det betyr at når vinden kjem inn frå vest og nord, fylgjer det snøbyer med.

Det er betydeleg snøkredfare både på Sunnmøre og i Romsdal. Meteorologen seier at med vinden som er meldt, blir ikkje snøfaren mindre.

– Den kjem vindauke fredag, og det er ikkje gunstig for snøskredfaren, seier Livik.

Snø i Ålesund

I Ålesund har snøen byrja å smelte litt.

Foto: Terje Reite / NRK