Hopp til innhold

Meir rørsle i Mannen

Det har vore auka rørsle i det ustabile fjellpartiet i Mannen i Rauma det siste døgnet. Frå å ha vore på seks til åtte milliterer i førre veke, har det no auka til 26 millimeter i øvre del, melder NVE. Farenivået er likevel ikkje endra, fordi rørslene har vore små i nedre del og dessutan at det er meldt tørt vær dei næraste dagane.

Fjellet Mannen i Romsdalen.
Foto: Ekseth, Ivar Gedde-dahl, Christian / NTB scanpix