– Når vi har kika på desse undersjøiske tunnelane på stamvegane så har sju prosent stigning vore brukt, seier Trygve Vestad, planleggjar i Statens vegvesen.
– Vi har ikkje så veldig slake undersjøiske tunnelar i Noreg. I Oslofjordtunnelen er vel stigninga nede på sju prosent. Her vil den bli nede på 6,7 prosent.
Vestad i Vegvesenet meiner løysinga, med tunnel frå Ålvundfoss og opp mot Nordvik på Surnadal-sida, vil vere ei svært god løysing.
– Spesielt i forhold til kva vi er vane med her frå før. Når vi kjem på botnen av Todalsfjorden og skal opp igjen på Surnadal-sida så har ein val om kor slakt ein byggjer opp.
– Dess brattare dess raskare. Vi har lagt oss på ein plass mellom sju og åtte prosent stigning. Mange tunnelar i dag er på heile 10 prosent.
– Inviterer til løysinga
Den siste tida har undersjøisk tunnel kome på bana igjen som eit realistisk alternativ.
Alternativa er den lange Trollheimstunnelen, frå Todalen til Ålvundeidet, bru over Todalsfjorden samt det undersjøiske alternativet.
– Eg kom inn bildet for å sjå på eit brualternativ som enkelte var veldig for. Eg kika på det og då byrja eg å halle mot undersjøisk tunnel, seier Vestad.
Frå før har planleggjaren teikna tunnel under Romsdalsfjorden, Halsafjorden og forskjellig andre stadar.
– Dette var staden som låg best til rette for undersjøisk tunnel. Todalsfjorden inviterer i grunnen til løysinga.
Kan bli mykje billegare
For undersjøisk tunnel har verkeleg kome på dagsorden igjen. Grunnen er at løysinga kan bli langt rimelegare enn dei konkurrerande alternativa.
Tidlegare utrekningar har antyda rundt 1,2 milliardar kroner for undersjøisk tunnel.
Statens vegvesen skal no rekne på kostnadene, men Vestad er sikker på at undersjøisk er klart billegast.
– Ja, eg er sikker. Den undersjøiske tunnelen vil også vere langt kortare enn den som går gjennom fjellet. Og så sparer vi heile strekninga ute langs Todalsfjorden.
Tunnelen på indre Nordmøre har òg fått meir positiv respons i politiske krinsar.
Medan Sunndal og Surnadal tidlegare har stått hardt på gamle vedtak om ein lang Trollheimstunnel, er no ordførarane langt meir positive til å velje billegare alternativ.
Tida får vise korleis Todalsfjorden ein dag blir kryssa.