Hopp til innhold

Meir oppryddingsarbeid i Geiranger

Arbeidet med oljerydding held fram ut veka i Geiranger.

Oljeutslepp Geiranger

MEIR ARBEID: Oppryddinga i Geiranger vil gå ut denne veka.

Foto: Elisabeth Haddal Røsvik

Ei synfaring onsdag viser at ein framleis har ein del arbeid att, seier Geir Thorsen som er leiar for Interkommunalt utval mot akutt forureining på Sunnmøre.

- Det me såg var at arbeidet me har fått barka tidlegare byrjar bli veldig bra, seier Thorsen.

Set inn meir torsdag

Geir Thorsen
Foto: Aina Rødal / NRK

Framleis har dei eit område att som ikkje er reingjort, og det dei setje i gang tiltak på utover onsdagen.

- Så må me inn med litt meir ressursar og mannskap i løpet av torsdagen, for å gjere ein liten jobb medan det er fjøre sjø, og ta nokre krikar og krokar, og gni inn litt bark i stein og den slags, fortel han.

Søndag lak eit turistskip olje og diesel då det låg inst i Geirangerfjorden. Heile veka har ein rydda opp etter utsleppet.

- Vil ikkje vere synleg

- Me vil nok i alle fall bruke denne veka, så får me gjere nokre vurderingar når me har fått gjort ferdig den jobben som er planlagt torsdag. Då får me sjå korleis det ser ut, seier Thorsen.

Det har vore svært effektivt å bruke bork i oppryddingsarbeidet. Om kort tid kan ein derfor ikkje sjå restane etter oljesølet.

- Når me har fått borka og gnidd det reint her, vil dette ikkje vere synleg i det heile tatt, seier han.