NRK Meny
Normal

Meir kompetanse skal få ned bruken av tvang

– Sjukeheimane treng meir kompetanse for å få ned bruken av ulovleg makt og tvang mot pasientane, seier direktør i helse- og sosialavdelinga hos Fylkesmannen, Grete Teigland.

Eldre kvinne med rullator

Meir kunnskap hos dei tilsette skal få ned bruken av tvang mot pasientane.

Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX

Det er lov å bruke tvang dersom det er til pasientens beste. Men det fins lovar og reglar for bruk av tvang, og tilsyn har avdekt mykje ulovleg bruk av tvang.

Mellom anna fekk sjukeheimen i Aukra refs frå fylkesmannen etter ulovleg bruk av makt og tvang mot demente og andre pasientar. Men bruken av tvang skjer nok ved fleire sjukeheimar, vedgår Teigland.

Låste dører

Låst dør

– Låste dører kan vere tvang, men skal samtidig beskytte pasienten, seier Teigland.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

– All tvang er noko ein gjer mot viljen til ein person. Det kan vere å låse nokon i ei seng ved hjelp av sengehest, det kan vere å løse dører eller til og med tannpuss kan vere tvang.

Direktøren understrekar at bruk av tvang som regel blir gjort for pasientens beste. Men då må alternativa ha vore tengt igjennom, om det er noko anna ein kan gjere for å oppnå det same som gjennom tvang.

– Ein skal beskytte pasienten, slår Teigland fast.

Skal auke kunnskapen

Etter at fylkesmannen har gjennomført tiltak rundt om, blir det reist spørsmål om manglande kunnskap blant dei tilsette kan vere ei årsak til den unødige tvangsbruken.

Grete Teigland, direktør i helse- og sosialavdelinga

Ifølge helse- og sosialdirektør Grete Teigland kan kommunane søke pengestøtte hos fylkesmannen får å auke kunnskapen hos sjukehustilsette.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Hovudregelen og lovverket seier at ein skal prøve alt anna før ein tyr til tvang. Men for å kunne oppfylle dette må ein ha fagkompetanse, og ein må øve på korleis ein handterer ulike situasjonar for å unngå bruk av tvang.

Teigland slår fast at det er mykje kompetanse rundt om på sjukeheimar og sjukehus.

– Samtidig må det vere merksemd og fokus på dette området også. Læring, kvalitetssikring og eit systematisk arbeid er noko leiinga må prioritere, og noko dei må få dei tilsette med på. Så er det i tillegg alltid behov for kompetansebygging, konkluderer Teigland.