NRK Meny
Normal

Meir helsepengar til Midt-Noreg

Asmund Kristoffersen (A) er glad for at regjeringa vil rette opp skeivfordelinga av pengar mellom helseregionane.

6,5 nye milliardar skal gje meir behandling, jamnare fordeling og betre drift ved sjukehusa.

Asmund Kristoffersen

Asmund Kristoffersen

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

I første omgang blir det gitt 600 millionar kroner for å starte prosesssen med å rette opp forskjellsbehandlinga av helseregionane. Målet er ei rettferdig fordeling i løpet av to år.

Helse Midt-Noreg har til no fått mindre enn sin rettmessige del, og stortingsrepresentant Asmund Kristoffersen frå Møre og Romsdal seier han er veldig glad.

- Regjeringa har lagt rapporten frå utvalet som utgreidde denne saka til grunn for budsjettframlegget. Dette betyr at den lange kampen for rettferd i helse-Noreg er til ende, og at vi i Møre og Romsdal får det vi skal ha til helseformål. Det er svært viktig at pengane no kjem på plass i løpet av dei neste to åra, seier Asmund Kristoffersen.