NRK Meny
Normal

Meir grøn energi til Møre og Romsdal

Surnadalsordførar Lilly Gunn Nyheim (Ap) trur vindkraftutbygginga nord om fylkesgrensa får konsekvensar også for Møre og Romsdal. – Mellom anna gir utbygginga reinare energi og fleire folk i arbeid, trur Nyheim.

Vindmøller i solnedgang i Roan på Fosen

Surnadalsordføraren trur fleire vindmøller i Trøndelag er positivt for Møre og Romsdal.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Surnadalsordføraren meiner at i sum er dette planar som er bra for Møre og Romsdal.

– Det er ei utbygging som gir straum etter planane og der 540 000 husstandar blir forsynte. I desse tider med stigande arbeidsløyse kan dette dessutan gi arbeid til fleire entreprenørar og til tilsette i bygg- og anlegg. Men ikkje minst så er dette miljøvenleg.

Arbeidsplassar

Lilly Gunn Nyheim

Lilly Gunn Nyheim trur på reinare energi og fleire arbeidsplassar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Når det gjeld arbeidsplassar så skal dei ferdige anlegga gi 40–50 nye arbeidsplassar. Før den tid startar vegutbygging og så skal alle anlegga vere ferdig utbygde i 2020.

Det var Statkraft, Trønderenergi og Nordic wind power DA som i dag la fram planane om å bygge ein av Europa største landbaserte vindkraftanlegg på Fosenhalvøya, Hitra og i Snillfjord.

På sikt kan ei slik utbygging også føre til lågare straumprisar, sjølv om Nyheim ikkje trur det står i fokus no.

Tryggare straumforsyning

– Viktigare er det at dette er rein og fornybar energi, som gir tryggare straumforsyning til bedrifter også i Møre og Romsdal, seier Nyheim og viser til Hydro Aluminium Sunndal og Hustadmarmor som viktige døme.

Kraftlinjer

Truleg blir linjenettet oppgradert som følge av dei nye vindturbinane, seier Linny Gunn Nyheim.

Foto: Rainer Prang

Nyheim reknar med at nettet blir oppgradert med nye linjer frå Trøndelag og via Rindal, Surnadal og Sunndal kommunar.

Om anlegga i Trøndelag blir ein suksess så ser ikkje bort frå Nyheim at det kan bli fleire vindturbinar, også i Møre og Romsdal.

Trygg på realisering

– Vårt fylke har i alle fall erfaring frå Smøla som har bygd og drive vindkraft. Men om dette fører til fleire turbinar vil vel mellom anna erfaringane frå Trøndelag avgjere.

Det har vore litt att og fram med desse vindkraftplanane, men no føler Nyheim seg trygg på at dei blir noko av.

– Dette er eit desentraliseringsprosjekt som eg håpar at også naturvernarane ser er bra både for miljøet og utviklinga.