NRK Meny

Meir ansvar for nynorskopplæring

Frå nyttår har Høgkulen i Volda tatt over det faglege ansvaret for det nasjonale senteret for nynorskopplæring som ligg i Volda. Senteret har hovudansvaret her i landet for å gi lærarar god nok kompetanse til å undervise i nynorsk hovudmål og sidemål, og har til no vore fagleg underlagt Utdanningsdirektoratet. Senterleiar Torgeir Dimmen seier departementet ønskjer at Nynorsksenteret skal spele ei større rolle i utdanninga av lærarar.

Torgeir Dimmen
Foto: Heidi Fagna / NRK