Hopp til innhold

Plassering kan bli viktig i Valldal-ulykka

Kvar personbilen og bussen plasserte seg i vegbana under samanstøyten i juli blei sentralt under åstadssynfaring i Valldal i dag.

Synfaring Valldal-ulykka

Rundt 30 personar deltok på synfaringa i Valldal i dag. Der fekk aktørane sjå kvar den ukrainske bussen og personbilen stod då samanstøyten skjedde.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Rundt 30 personar deltok onsdag formiddag på synfaring der ei alvorleg bussulykke skjedde i Valldal 30. juli i år Både retten, vitne, politi og Statens vegvesen var med på synfaringa og fekk sjå plassen der ulykka skjedde.

I tillegg blei det gjennomført ein rekonstruksjon, med det som skulle vere ein buss og personbil tilsvarande dei køyretøya som var involvert i ulykka i juli. Der fekk retten også sitte på i bussen medan den køyrde i same farta som den ukrainske bussen skal ha hatt på ulykkesdagen. Nokre av aktørane fekk også prøve å sitte i personbilen medan den køyrde mot den plasserte bussen.

Ein ukrainsk bussjåfør er tiltalt for uforsiktig køyring og aktlaust drap etter bussulykka.

Plassering blei sentralt

Under synfaringa blei plasseringa av personbilen og bussen, både før og etter samanstøyten, sentralt.

Synfaring Valldal 191016

Det blei mellom anna gjort målingar av vegen og vist kvar bilen og bussen skal ha stått under samanstøyten.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det blei mellom anna diskutert mykje blant dei ulike aktørane om kva som var dei rette plasseringane på dei to køyretøya, og kva som var den faktiske avstanden frå personbilen til rekkverket,

Forsvararen til den ukrainske bussjåføren, Erling Flisnes, meinte mellom anna at målingane viste at personbilen hadde nesten ein halvmeter å gå på, medan bussen låg på kanten.

I retten i går forklarte overingeniør i Statens vegvesen, Frank Sandvik, at nokre få centimeter blei utslagsgivande for dødsulykka i Valldal.

– Innsnevringa kan ha gjort det vanskeleg

Det blei også gjort fleire målingar av vegen og vegbreidda. Også den sakkunnige deltok på synfaringa i dag, og skal vitne om sine undersøkingar i retten torsdag.

Synfaring Valldal 191016

Aktørane fekk også sitte på i bussen og personbilen for å sjå perspektiva til dei to sjåførane.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Tidlegare har det kome fram at vegen gradvis snevrar inn med 75 centimeter mot staden der samanstøyten mellom bussen og personbilen skjedde.

– Det kan ha gjort det vanskelegare for bussjåføren å rekne ut breidda på vegen der samanstøyten skjedde, sa sakkunnig Erik Aanerud til NRK.

Det blei også lagt vekt på at dei visuelle omstenda på skadestaden var annleis i dag enn på sjølve ulykkesdagen.

– Nyttig

Advokaten til den ukrainske bussjåføren, Erling Flisnes, meinte at synfaringa hadde vore lærerik.

– Det har absolutt vore nyttig å vere på staden å sjå på forholda, seier han.

– Har det vore ei stor påkjenning for klienten din?

– Det er klart det tek på å vere involvert i ei slik sak, seier Flisnes.

Også aktor Magnus Engh Juel synest synfaringa var informativ.

– Eg trur det har vore nyttig i å gi retten eit innblikk i forholda på staden. Det å sjå forholda på eigen hand gir eit anna inntrykk enn å berre sjå på bilete, seier han.

Verken Engh Juel eller forsvararen til den ukrainske bussjåføren var villig til å svare på om dei meiner synfaringa har styrka saka deira.

– Det får du høyre meir om i retten seinare, sa Flisnes.

Rekonstruksjon av ulykka i Valldal