Hopp til innhold

Meiningsmåling: Fleirtal for Romsdalsaksen

Forkjemparane for Romsdalsaksen presenterte i dag ei meiningsmåling som viser akkurat det dei håpte på. 43 prosent av dei spurte vil ha deira alternativ.

Romsdalsaksen

Romsdalaksen inneber ei oversjøisk kryssing av Romsdalsfjorden.

Foto: Illustrasjon: Nordwest 3D/Romsdalsaksen

– Dette kom ikkje overraskande, for eg har prata med mange tidlegare, så vi føler at vi har brei støtte, seier Frode Gjelstenli, som sit i interimsstyret for Romsdalsaksen.

For mange år sidan vart Romsdalsaksen valt bort då ein arbeidde med ulike traseval for ferjefri kryssing av Romsdalsfjorden. I staden var det semje om Møreaksen sitt alternativ med undersjøiske tunnelar og lang bru over Julsundet. Prosjektet er ferdig regulert og klart til bygging, men ventar på finansiering i Nasjonal transportplan.

Vil ha omkamp

Tidleg i desember varsla forkjemparane for Romsdalsaksen at dei ynskjer omkamp. Dei har sett i gang underskriftskampanje og finansiert ei meiningsmåling, som vart lagt fram tysdag ettermiddag. Den viser at 43 prosent av dei spurte ynskjer Romsdalsaksen, medan 36 prosent meiner Møreaksen har den beste løysinga for Fjordkryssing.

– Målet vårt er ikkje å stoppe Møreaksen, men å greie ut Romsdalsaksen, som er eit mykje rimelegare alternativ, seier Gjelstenli.

Romsdalaksen inneber bru over til Sekken, Veøya, Sølsneset og vidare over Fannefjorden. Traseen går utanfor Molde sentrum. Kostnaden er rekna til 13,8 milliardar kroner. Møreaksen si kryssing av Romsdalsfjorden kostar 14,5 milliardar kroner. Totalt blir prislappen for strekninga Ålesund-Molde 30 milliardar kroner.

Vil stoppe prosjektet

Terje Tovan

Terje Tovan (Borgerlisten) er ein av initiativtakarane til meiningsmålinga.

Foto: Roar Strøm / NRK

Terje Tovan er ein av inativtakarane til meiningsmålinga. Han seier at det var viktig å få tala på bordet no, før Møreaksen skal behandlast i Nasjonal transportplan.

– Dersom andre alternativ for fjordkryssing skal bli vurdert, må det skje no i tida framover, seier Tovan. Han seier at målet definitivt er å stoppe Møreaksen inntil ein har gjort vurderingar av andre alternativ.

Trasevalet er gjort

Torgeir Dahl

Moldeordførar Torgeir Dahl (H) er ein av 11 ordførarar som samlar seg til kamp om Møreaksen og har sendt brev til Samferdselsministeren.

Foto: Roar Strøm / NRK

11 ordførarar frå Sunnmøre og Romsdal har samla seg om Møreaksen og Hafast, med krav om pengar til oppstart i Nasjonal transportplan til våren.

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl, seier at Romsdalaksen vart forkasta for mange år sidan saman med fleire andre alternativ fordi dei ikkje var like samfunnsøkonomiske lønsame som Møreaksen.

– Romsdalsaksen er ein ide. Det er ikkje ein gong eit prosjekt, seier Dahl. Han og dei andre ordførarane ynskjer å vise at Møreaksen er ferdig vurdert økonomisk og teknisk, og at Møreaksen er prosjektet som er aktuelt for å kome med i neste Nasjonal transportplan.

– Det er gjort eit endeleg vedtak om traseval og korleis Romsdalsfjorden skal kryssast. Det er det vi forheld oss til, seier Dahl.